søndag 30. oktober 2011

Nydelige bollar - lavkarbo ♥

Måtte ha ei ny ladning til brødmåltida neste veka.
Dinne gongen vart det bollar, isteden for brød.
Og dei vart knallgode, nam nam :)
Prøvesmaking med heimelaga jordbærsyltetøy :)


Oppskrift til 18 bollar, i silikonmuffinsformer.
Originaloppskrifta fant eg på lavkarbo.no...
eg har berre forandra pitte litt på den.

5 ss fibrex/sukkerroefiber
7 ss Bakepro
4 ts JBK
2 ts bakepulver
1 lita ts tagatesse
1/2 ts seltinsalt
5 ss creme fraiche
4 egg
3 ss rapsolje
100 g kremost naturell

Bland først alt det 'våte', og 'køyr' med stavmiksar.
Bland alt det tørre, og rør det godt inni det 'våte'.
Fordel det i muffinsformene med ei skjei.


Steikes ved 175 grader, ca 20 minutt.


Dette vart virkelig bollar som likna på 'vanlige' bollar :)
Heva seg skikkelig, luftige og flotte :)
Når en lagar bollar i silikonformer, slepper dei formene 
kjempelett. Eg kjøpte mine former på Euro pris, og dei
kosta ikkje so masse. Trur det var 49 for 12 former.


Delt i to, klar for smaking, mmmmmmmm :)

3 kommentarer:

  1. Namnam, dette skal prøves i morgen den dag :)

    SvarSlett
  2. Så fine :) Men går det an å erstatte bakepro med noe?

    SvarSlett
  3. I originaloppskrifta var det
    5 ss soyaprotein
    4 ss bakemix
    3 ss kruskakli

    Soyaprotein og bakemix hadde eg ikkje, derfor
    omgjorde eg dei til:

    5 ss kruskakli
    7 ss Bakepro

    Heile originaloppskrifta var sånn:
    5 ss soyaprotein
    3 ss kruskakli
    5 ss Creme Fraiche
    4 egg
    100 gr smøreost (Kavli trippel)
    4 ss bakemix
    2 ts kardemomme
    2 ts bakepulver
    3 ss splenda
    3 ss rapsolje
    4 ts Johannesbrødkjernemel

    Kva anna du eventuelt kan bruke,
    veit eg ikkje.
    Bollane vart veldig like 'ekte' bollar.
    Bakepro får du kjøpt på feks funksjonellmat (nettbutikk) eller helsekost, og kostar 198 for 400 gram.
    men du har lenge av det.
    Veldig greit å bruke om du vil lage 'loff' :)

    SvarSlett