Ett ♥sukk om lavkarboskremsel ♥
Eg blir so lei av alle som skal fortelle at kostholdet eg spiser er usunt og farlig :(( Eg veit at eg spiser sunn og variert mat, men eg veit også at det skremmer mange av dei som er usikre, på om dei virkelig skal tørre å prøve lavkarbokost.
Ifølge dei som forteller kor farlig og usunt det er, so spiser vi omtrent berre fløte og bacon ://// Og klart det ville vere usunt, det er jo ett kvar ensidig kosthold det, om det er høg- eller lavkarbo. Men eg spiser ikkje ensidig... eg har aldri hatt ett så variert kosthold som eg har no. Og eg veit kva eg puttar i munnen, kvar dag.
Alt eg spiser er laga frå grunnen av, av reine råvarer uten konserveringsmiddel. Eg spiser grønsaker kvar dag, og en del bær (dypfryste no på denne tida av året). Eg spiser nøtter og frø. Eg spiser feite meieriprodukter. Eg spiser kjøtt og fisk. Og sidan eg lever på ett vedlikeholdslavkarbokosthold (skal ikkje gå ned i vekt) so kan eg også spise ei frukt innimellom, feks eple og appelsin - men ikkje banan og drue. Eg kan også spise ei lita potet til middagen, OM eg har lyst på det.
MEN eg spiser ikkje sukker, mjøl, pasta og ris!!!! Og kvifor skal eg det? Kva er det for ei næring som finnes der, som eg MÅ tilføre kroppen min?? Fiber?? Den mengda av fiber som eg må behøve, får eg tilført ved bruk av nøtter og frø.
Nei kjære dokke som advarer og skremmer..... ver snille å sett dokke inn i kva lavkarbokost er. Og sjå på kva statens ernæringsråds anbefalinga har gjort med befolkninga sidan 80-tallet og fram til i dag: 'Vi' blir feitare og feitare på grovbrød og lette meierivarer!!! Det er heldigvis fleire og fleire legar og ekspertar som får opp augene :)))
Eg og kroppen min har det godt med lavkarbokost, ett stabilt blodsukker, stabil energi og ikkje minst ei stabil vekt :)
Amen.
SvarSlettJeg fikk med meg litt feilinfo på tv igår kveld, og jeg er rystet over hvor lite både programledere og karboforsvarerne har fått med seg.