lørdag 25. februar 2012

Brownies - lavkarbo ♥

Nydelig Brownies, seig og god :)












100 g smør
½ dl fløte
150 g 86 % sjokolade
3egg
100 g tagatesse
75 g malte mandler
1 ts Bourbon vaniljepulver
1 ts bakepulver

Smelt smøret i ei panne og ha i fløten. Varmes før du
har oppi sjokoladen i bitar. Rør mens sjokolade
smeltar, og blandinga blir jevn og tjukk.
Pisk sammen egg og tagatesse, men ikkje til dosis.
Mål opp malte mandler, bakepulver og vanilje.

Bland alt det 'våte' i det tørre, og visp sammen til ei
tjukk og litt seig masse.















Fordel røra i ei bakepapirkleddform på 20 x 30 cm.














 160 grader ca 15 minutt.














Mmmmmmm, seig og god brownies :)



torsdag 23. februar 2012

Karamellpudding - lavkarbo ♥

Har lenge tenkt på å lage karamellpudding.
I helga har vi selskap i huset, so då var det 
endelig ei grei anledning for å prøve ut dette.
Og herlige tid kor nyyydelig det var, mmmm :)

5 egg
ca 30 g tagatesse
1 vaniljestang med frø
4 dl fløte
2 dl vatn

65-70 g tagatesse til karamellisering av forma.

Strø tagatessen i forma og sett forma på ei
middels varm plate. Lat den stå i ro ei stund,
men følg med heile tida.



Når sukkeret er karamellisert bevegar du forma
sånn at karamellen legg seg oppetter kantane.

Tagatesse karamelliserte seg perfekt, like godt 
som sukker - JIPPI :)

Kok opp fløte/vatn sammen med vaniljestanga,
som du snittar på langs før du legg den oppi .
Du kan også skrape lause frøa. Lat dette trekke ca 
10 minutt, så avkjøler du blandinga. Ta ut stanga.

Visp sammen egg og tagatesse. Slå fløten oppi
sammen egga. Rør til tagatessen er oppløst.

Sil blandinga oppi den ferdigkaramelliserte forma.



Sett forma oppi vannbad i kald ovn. Sett ovnen på
125 grader. Lat det stå 1-2 timar, til puddingen er stiv. 

Sjekk med å stikke ei skje halvt nedi puddingen.
om det ikkje heng noke på skjeia er den ferdig.
Avkjøl den før du kvelvar den på ett fat med litt
kantar. Det vil vere litt karamellsaus.
 (Og av den kvelva puddingen kjem ikkje bilde
i dag :// eg var litt for hastig, og venta ikkje til den
var kald...... so det var ikkje noke lekkert resultat)
Men smaken.. himmelsk, som karamellpudding 
skal smake :)

 Avkjølt og klar til å nytes, mmmmmm :)


Edit 26. febr. - 2012.
Laga ny karamellpudding til dagens selskap, like 
nyyydelig som den første eg laga.
Og den eg no laga venta eg med å kvelve til i dag,
når den var kald. Eg dyppa forma so vidt i varmt vatn først.
Masse flytande karamell var der også.


onsdag 22. februar 2012

Gryterett - lavkarbo ♥

Gryterett med kjøttdeig og salat til, enkelt og greit :)

400 g kjøttdeig
150 g paprika
75 g gulløk
100 g sellerirot
50 g sjampinjong
1 boks hermetiske tomater (400 g)
2 fedd kvitløk
2 dl fløte
1 dl vatn
oregano
paprikapulver
peppermix
cayennepepper
seltinsalt
2-3 ss matyoghurt

Brune kjøttdeig, ha den over i ei gryte. Del paprika, 
løk og sellerirot i mindre bitar, og steik desse i 
passe varmt smør til det er  passe mørt. Hell over i 
gryta sammen med kjøttdeigen. Dele soppen i skiver 
og steike også den i varmt smør. Hell ferdigsteikt 
over i gryta.

Ha oppi gryta dei hermetiske tomatene, kvitløken 
- pressa i kvitløkspressa, fløte og vatn. 
Krydre gryta med oregano, paprikapulver, peppermix,
seltinsalt og cayennepepper. Lat gryteretten putre
5-10 minutter, sånn at smakane setter seg og gryta
tjuknar litt. Rett før servering har du matyoghurten
oppi gryta. Matyoghurt likar ikkje å koke so masse.

Server feks sammen med en salat :)

tirsdag 21. februar 2012

Kjøttbollar - lavkarbo ♥

Kjøttbollar til middag i dag, kjempegode :)

Ca 30 kjøttbollar i denne porsjonen:

500 g kjøttdeig
ca 100 g finhakka løk
to små egg, ca 90 g
20 g finrevet parmesan
20 g finraspa valnøtter
2-3 fedd kvitløk
ca 0,4 dl fløte
ca 15 g krydder: like deler av
oregano
peppermix
paprikapulver
seltinsalt

Finhakk løk, rasp parmesan og valnøtter,
finhakk eller press kvitløk i kvitløkspressa.
Bland alt i foodprosessor, og 'køyr ei lita stund.

Lag fine, runde bollar på størrelse med svenske
kjøttbollar. Steik dei i smør, til dei er gylne, 
ca 10 minutt. Snu på dei under steikinga.

Her servert sammen med fløte/rømme-gratinerte 
grønsaker; blomkål, brokkoli, løk, paprika og kvitløk.

mandag 20. februar 2012

Sjokoladepudding - lavkarbo ♥

Mmmmmm, akkurat som den heimelaga
sjokoladepuddingen mamma laga når
eg var lita :)

2,5 dl fløte
2,5 dl vatn
20 gram kakao
35-40 g tagatesse
1 ts bourbon vanilje (kan sløyfes)
5 plater gelantin

Legg gelantinplatene i kaldt vatn i ti minutt. Hell 
fløten i ei panne. Bland kakao, tagatesse og evnt 
vanilje og bland det i fløten. Kok opp, og lat 
det koke ett minutt eller to. Ta panna av plata og 
bland inn gelantinen (som du først  har klemt vatnet 
ut av). Slå oppi ei skål og avkjøl i kjøleskap. 

 Stiv eter 2-3 timar.

Serveres med varm vaniljekrem eller vaniljesaus.

søndag 19. februar 2012

Fastelavensbollar med vaniljekrem og krem - lavkarbo ♥

Å herlige tid for nokre nydelige bollar :)
















Vaniljekrem:

1,25 dl fløte
4 eggeplomma
1 ts bourbon vanilje
ca 20 g tagatesse

Bland alt i panne og varm opp under omrøring heile tida.
Det vil tjukne ettersom det blir varmt.
Om du ikkje får det tjukt nok, kan du ha oppi ei eggeplomme
til. Det vil bli tjukt nok. Kjøl ned i kjøleskap.

Om du vil bruke vaniljestang isteden for vaniljepulver
(har ingenting å seie for smaken), lar du stanga ligge å trekke
i fløten før du har oppi eggeplommane. Ta ut stanga før
du har oppi eggeplommane. Eller du kan bruke frøa, som
du skrapar ut av vaniljestanga.
Men det enklaste er å bruke vaniljepulver, det svarte (bourbon).

Oppskrift på bollar:
Oppskrifta fant eg hos 'Fristende lavkarbo' :)
Eg har berre gjort måla om til gram, der det er mulig.
Då blir oppskriftene meir nøyaktige syns eg :)

4 egg 
35 g tagatesse
50 g smør
1 dl fløte
60 g kokosmel
10 g bakepulver
35 g fiberhusk
1 ts (5ml) kardemomme

Visp egg og tagatesse til eggedosis.

Mål opp alt det tørre.

Smelt smør, og ta panna frå plata - hell oppi fløten.

Ha fløte/smør i eggedosisen og bland godt.

Ha alt det tørre oppi det våte, og visp godt sammen
Lat det stå og svelle ca 10 minutt.
Sett ovnen på 160 grader.

Ha våte fingrar når du trillar bollane, då blir det 
lettare å trille runde, fine bollar.
9 små bollar får du av denne oppskrifta.
Dei hevar litt under steiking. 160 grader, 18-20 minutt.

Til avkjøling.

Mmmmmm, dei luktar godt :)

Og smakar himmelsk, dette var bollar - JIPPI :)

lørdag 18. februar 2012

Hamburgerbrød og dressing - lavkarbo ♥

Hamburger til kvelds i dag, nam nam.
Burgerern er viktig, og tilbehøret også :) Men
like viktig er ett godt brød og en god dressing :)

Originalopskrifta er LenaBeatrice sitt 

4 eggekviter
25 g malte mandler
25 g malte solsikkekjerner
25 g linfrø
25 g sesamfrø
15 g bakepulver
litt salt

Pisk eggekviten heilt stive.
Eg er veldig glad for min TupperWare piskedings,
å piske eggekviter med den, er veeeldig for gjort :)

Vend forsiktig inn alt det tørre.

Ferdig deig/røre.
















Legg røra på ei bakepapirkledd plate.
Her kan du lage både rundstykker og
hamburgerbrød. 20 minutt på 175 grader.


















Rundstyket delt...














Hamburgerbrød, litt tynt men gikk fint å dele.
Og det gikk ikkje i stykker når eg spiste :)

Også morgendagens frokostrundstykker er klar :)

En god dressing må også til på en hamburger:

1/2 beger seterrømme
1/4 dl majones
1/4 ts minched hot chili
(Blue Dragon 84% chili)
1/4 ss sukerfri ketchup
2 fedd kvitløk - finhakka
1/4 ts cayenne pepper
3/4 ts kebabkrydder
1/2 ts oregano
1/2 ts paprikapulver
Alt her er ca mengder.

Lag ei lita stund før servering,
sånn at smaken får 'sette' seg.
Kan oppbevarast ei stund i tett boks i kjøleskap.

Først brød, so grønt.....


...... so dressing......

Til slutt burger og brød igjen.....
Velbekomme og nyt ♥