tirsdag 21. mai 2013

Yoghurtmousse med blåbær - lavkarbo ♥

Frisk og god dessert, der du velger bær/smak etter eget ønske.

















150 g kesam
150 g russisk yoghurt
100 g blåbær, mosa
2 eggekviter
30 g tagatesse
4 gelantinplater
1 ts bourbon vaniljepulver
2-3 ss kokande vatn
50 g blåbær til pynt

Legg gelantinplatene i kaldt vatn i ti minutt.
Bland kesam, yoghurt, mosa blåbær og vanilje godt
i ei skål.
Du kan selvfølgelig bruke tyrkisk- eller gresk yoghurt.
Piske eggekvite og tagatesse stivt. Piske eggekvitane litt
før du har oppi tagatessen.
Rør gelantinen (press først ut det kalde vatnet) ut i det kokande
vatnet og rør den inn i kesam/yoghurt-blandinga.
Vend so forsiktig inn deni stivpiska eggekvitane.
Hell blandinga opp i ei skål. Dryss over dei heile blåbæra til pynt.

Den blir stiv etter 2-3 timar i kjøleskap.

tirsdag 7. mai 2013

Fløtegratinert rettich - lavkarbo ♥

Fløtegratinert rettich... veldig godt, faktisk endå bedre enn
fløtegratinert sellerirot.

















Men kva er rettich? Jau, det er en kinesisk reddik, og
lav på karbohydrater. Varierer litt kva dei ulike sidene
oppgir som mengde karber, men det ligg frå 2,5 til 4.




















Og smaken er god både rå og gratinert. Som rå har den
en ganske mild reddiksmak. Den vil derfor vere veldig
god i råkostsalater, enten i tynne skiver eller grovraspa.

Og eg har altså gratinert den.

Fikk tips om denne retten på Hansel og Gretel-bloggen.

Eg hadde ingen smakssterk ost, men det funka fint med vanlig
Norvegia, og rettichen kan heilt sikkert brukes på lik linje med
sellerirota.

Eg skrelte rota, og skiva den i tynne skiver.
kokte den ganske mør, ca 30 minutt i lettsalta vatn.
Eg slo av kokevatnet i ei sil, og lot vatnet renne godt av.

















La rettichen lagvis med ost (hos meg altså norvegia). So blanda
eg creme fraiche og fløte fifty-fifty. Pressa opi ett par fedd med
kvitløk. Salta og pepra litt.
Dette helte eg over rettichen og toppa det med ost.

Mengder bestemmer du sjøl her. Fløte/creme fraiceblandinga
kan dekke rettichen so vidt, før du toppar med ost.

Steikte det ca 40 minutt på ca 200 grader.

Rettichen oppførte seg litt meir som poteter synes eg (sjøl om
den ikkje innholder stivelse altså). Ferdig gratinert vart denne
retten litt fastare i konsistensen enn når eg brukar sellerirot.

Og som dag nr 2 var den om mulig enda bedre enn dag nr en.

Eg serverte den til kylling, surra i serranoskinke, med masse
soltørka tomater under skinka. Ingen andre krydder; skinka og
tomatane setter rikelig smak. Det enkle er ofte det beste.
Eg gav kyllingen ett par minutt på kvar side på steikepanna,
deretter inni ovnen i ei ildfast form. Ca 20 minutt på 200 grader.

Rettichen skal iallefall brukast meir. Kjem til å prøve ut litt
forskjelige bruksområder. Ei spennande grønsak.