Viser innlegg med etiketten lavkarbosuppe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lavkarbosuppe. Vis alle innlegg

søndag 2. februar 2014

Kyllinggryte/suppe - lavkarbo ♥

Av dette får du ei god kyllinggryte/suppe.


























1 heil, rå kylling

1 pk fløte
2-3 ss creme fraiche

3 eple
2 gulrot
1 boks babymais
1 raud paprika
1 gul paprika
1 oransje paprika
4 chalottløk
300 g sellerirot

karri
salt

7,5 dl kyllingkraft som du lagar sjøl.

Aller først:
Skjer ut 2 fine brystfiletar, del frå lår og vinger.

















Ta alle restar og hiv oppi ei panne med vatn, gulrot, shalottløk og eple.
Kok kraft. Lat det koke minst en time.


















Kyllingbryst, vinger og lår, steiker du i ein steikepose ilag med gulrot,
shalottløk og eple. Krydre først med karri og salt. 125 grader, ca 20-25 min.

















Del sellerirota i terningar. Kok sellerirota mør i kyllingkrafta, ca 7,5 dl,
og mos med stavmiksar når det er ferdigkokt.
Det er den mosa sellerirota som jevnar gryta.

Bland mosa sellerirot, fløte og creme fraiche i ei gryte. Del paprika og
babymais i passe bitar, og putt i gryta.
Krydre med karri og salt etter ønske. Rens og del dei ferdig steikte
kyllingfiletane/låra/vingene og ha dei i mot slutten av putretida.















Serveres rykande varm :) Vel bekomme :)

fredag 14. september 2012

Kyllingsuppe - lavkarbo ♥

Nydelig kyllingsuppe, jevna med kokt og mosa sellerirot :)
















1 liter vatn, 2 stk hønsebuljongterningar (til 1 liter vatn)
ca 350 g sellerirot, kutta i terningar

Kokes til sellerirota er mør. Hell av det meste av buljongen
når du mosar sellerirota med stavmiksar, ellers blir det
mykje søl ;) Hell tilbake buljongen.

Tilsett 1 pk fløte og ei boks creme fraiche og lat det putre litt.

2-3 fedd kvitløk, ca 10 g -finkutt eller press i kviløkspresse.
100 g purreløk, finkutta
250 g paprika, i passe bitar
1 boks babymais, kutta i små bitar
250 g champignon, i skiver, steikes før dei haes i gryta.
4 kyllingfiletar, i terningar - steikes før dei haes i gryta.

Krydre med karri, paprikapulver og pepper etter smak og ønske.

Lat gryta putre litt etter at alt er tilsatt.

Velbekomme.

mandag 5. mars 2012

Fiskesuppe - lavkarbo ♥

Fiskesuppe; med torsk, reker og krepsehaler.

5-600 g torsk
100-200 g krepsehalar
100-200 g reker
1,25 liter vatn
2,5 fiskebuljongterningar
1 pk fløte
1 boks creme fraiche
2-3 fedd kvitløk
200 g sellerirot
100 g purreløk
100 g gulrot (kan sløyfes)
Safta av 1 sitron
2-3 ts (minst) dill
seltinsalt
pepper

Kok opp vatn og fiskebuljong. Ha oppi fløte, 
creme fraiche og kvitløk (pressa i kvitløkspressa).
Lat dette putre ei stund, minst 30-40 minutt. 
Suppa tjuknar mens den får putre og koke, du
treng ikkje ha oppo noken form for jevning.

Trekk fisken på forhånd (10 minutt i kokande vatn).
Skjer gulrot og sellerirot i stavar og purren i smale
skiver. Steike/surre grønsakene i smør. Haes i gryta
og lat det koke med ei stund. Press sitronsaft oppi.
Ha oppi fisk, krepsehaler og reker rett før servering
i varm suppe. Reker og krepsehaler må ikkje koke,då
blir desse seige.
Salte og pepre etter smak. Ha rikelig med dill oppi.

Server gjerne ei god lavkarboskive til, med smør på.