mandag 23. november 2009

Julemannar

3 dl vatn
160 gram margarin
500 gram sukker
6 ts hjortesalt (hornsalt)
10-12 sitrondråpar (sånn i gul flaske)
1 kg kveitemjøl

Denne oppskrifta gir ca 10-12 plater med julamanna.


Smelt margarin, hell så i vatnet
og løys opp sukker og hjortesalt i væska.
Om en brukar sitrondråpar haes dei også oppi.
Det er ikkje alltid eg har det i hus,
og då er det inga krise uten :)

Når sukkeret er heilt oppløyst
haes kveitemjølet oppi.
Deiga skal vere fast, men ikkje 'tung'.
Sett deiga kaldt  - ett par tima,
eller over natta om du er ute i god tid ;)

Kjelve deigen til knapt 0,5 cm og trykk ut med former.
Steike dei ved 225 grader til dei er gylne.
I min ovn er det ca 6 minutt.

Avkjøl på rist.
Dette er sprø, tynne julemannar.
Akkurat sånn som vi likar dei i heimen her :)

Ett TIPS

Male julemannane før steiking med en tynn pensel


Lykke til med julebaksten :)

onsdag 11. november 2009

Kjøttpudding med kålstuing



400 gram karbonadedeig
1 egg
1 ts salt
1 ts pepper
2 dl lett melk
ett par never havregryn
litt (fibra) kveitemjøl

Bland egget godt inn i karbonadedeiga,
bland deretter inn melk og havregryn/mjøl.
Tilsett til slutt salt og pepper.

Smør forma godt med margarin og ha oppi farsen.
Steik ca 1 time på ca 200 grader.

Server sammen med feks brokkoliblanding
(eller andre grønsaker), kokte poteter og brun saus.

Server også kålstuing:



1/2 hodekål,
kuttes i små biter og kokes i lettsalta vatn ca 20 minutt

Lag en litt tjukk kvit saus
2 ss margarin
2 ss kveitemjøl
3-4 dl melk

Ta vare på litt av krafta som kålen er kokt i.
Spe den i sausen til den er passe tjukk,
haså oppi kålen.
Krydre med litt pepper, evnt litt meir salt.



onsdag 28. oktober 2009

Grovbrød

Grovbrød med Fibra kveitemjøl,
100 % fullkorn - ekstra finmalt.




500 gram kveitemjøl
600 gram fibra kveitemjøl, ekstra finmalt kveite
(100 % fullkorn fra Møllerens)
300 gram sammalt kveite, grov
200 gram sammalt rug, grov
200 gram havrekli
150 gram havregryn
50 gram kruskakli
1 bitte liten neve sukker
2 pk gjær
1 ts salt
1 dl rapsolje

Bland alt det tørre i en bakebolle,
inkl gjæra om du brukar tørrgjær.
Brukar du tørrgjær, må vatnet vere rykande varmt
sånn at deiga hevar skikkelig.
Brukar du vanlig gjær,
løyser du den opp i litt av vatnet - som då er lunka.

Bland det våte i det tørre og elt deiga godt.
Forhev den 1 - 1 1/2 time under klede på en lun plass.

Elte så deiga godt igjen og del i 4 emner.
Form kvar del til ein rund stor bolle,
og sett dei på eit bakebrett.
Det går godt å steike 4 stk på eit brett samtidig.

Etterhev den så under ett klede på ein lun plass ca 30 minutt.

Steikes ved ca 200 grader i litt over 1 time.

Avkjøl på rist.

PS: Fibra kveitemjøl er ett såpass finmalt kveitemjøl
at det kan erstatte store deler av vanlig kveitemjøl i gjærbakst,
og deiga vil fremdeles ha tilnærma samme heveevne.
Fibra har like mykje fiber som sammalt kveite, grov.

Eg har her kor eg bor foreløbig berre funne det
hos produsenten 'Møllerens'
Kanskje det finnes hos fleire produsentar også.


søndag 25. oktober 2009

Knekkebrød og valnøttbrød.

I dag har eg baka valnøttbrød og knekkebrød.

Teke knekkebrøda først.



3,5 dl sammalt rug, grov
3,5 dl havregryn
1,5 dl sesamfrø
1 dl havregryn
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 dl valnøtter
1 ts salt
7 dl vatn
1/2-1 ts lys sirup

Eg malte opp valnøtter, solsikkefrø og linfrø.
(Linfrø males også litt for å få fram fibre
og næring som finnes i frøa,
ellers virka dei berre avførande)

Så blanda eg alt i kjøkkenmaskina med eltekrok.

Denne deiga passar til 2 brett.

Legg bakepapir på bretta sånn at det ikkje sitt fast i plata.

Fordel 'deiga' utover platene.



Sett i ovnen på 180 grader i 10 minutt.
Ta så ut brettet og del opp knekkebrøda med pizzarulle.



Steik vidare i 30 minutt,
med bakepapir over sånn at dei ikkje blir brent.

Ta dei så ut og legg dei på rist og sett dei inn i ovnen igjen -
med døra åpen, i 10 minutt, for at dei skal bli litt sprø.



Avkjøl på rist.

Valnøttbrød - 2 stk



375 gram fibra fullkorns kveitemjøl, ekstra finmalt (Møllerens)
150 gram sammalt rug, grov
100 gram valnøtter (heile eller malte)
1 1/2 ts salt
 2 ss rapsolje
5 dl vatn
 50 gram gjær (eller 1 pk tørrgjær)

Eg blanda alt i kjøkkenmaskina mi, og lot det stå i 5 minutt.
Eg brukar tørrgjær og då er vatnet rykande varmt.

Forhev det ca 45 minutt.
Elt dei litt og form dei til 2 runde brød.

Etterhev dei ca 30 minutt.
Steikes ved ca 200 grader, ca 35-40 minutt.



Avkjøl på rist.



søndag 18. oktober 2009

Hjortesteik

Det er klart for middag :)



 I dag stod det hjortesteik på menyen  :)

Krydderblandinga mi:
Knuste einebær, salt, pepper og rosmarin, samt olje og sennep.

Steika vart gnidd godt inn med dette,
før den vart satt i ovnen på 200 grader.
Steika vart lagt og steikt i ein steikepose,
og stod i ovnen ca 1 time og 20 minutt.
(Vi likar kjøttet gjennomsteikt)
Etterpå kvilte den, innpakka i folie, ca 30 minutt.



Sammen med hjortesteika serverte eg mandelpoteter,
viltsaus, tyttebærsyltetøy, rosenkål, brokkoli og gulrot.


Mmmmmmmmmmm, nydelig :)


onsdag 14. oktober 2009

Ovnsbakt laks




En herlig lakserett som passa like godt til kvardags som til fest. 
Ved at du steike laksen litt i panna før du ettersteiker den i ovnen, 
får den ei fin og crispy overflate...

4-6 skiver fersk laks
1 raud paprika, i bitar 
1 gulrot, i stavar 
1 del av en purreløk 
4 dl fiskebuljong 
 2 pk matfløte
Safta av 1sitron
Salt og pepper


Kutt grønnsakene og fres dei i en kjele. 
Halvparten brukes i sausen som serveres ved siden av.
Bland fiskebuljongen og matfløta 
og det som er igjen etter at du har slått det over 
fiskestykka i forma, brukes til sausen.


La sausen koke til det begynner å tjukne, 
press safta av 1/2 sitron oppi gryta. 
Smak til med salt og pepper.


Krydre laksestykka med salt og pepper. 
Varm stekepanna, ha i smør 
og steik laksen på den eine sida til den har ein fin farge. 


Ha litt olje i botnen av forma. 
Legg alle laksestykka i forma og strø over 
den andre halvparten av grønsakene. 
Før du slår over fløteblandinga , 
pressar du safta av 1/2 sitron over laksen. 


Stek i ovnen ved 200 grader, i ca 30 minutter. 
Legg over ett bakepapir, sånn at ikkje grønsakene blir svidd.


Server laksen med kokte poteter 
og skiva agurk (i vatn med litt eddik 7% og sukker).


tirsdag 13. oktober 2009

Grovbit.

 

2 dl finrevet gulrot
2 dl finrevet potet
4 ts salt
1 pk gjær
8 dl vatn
3 dl havregryn
4 dl sammalt rug, grov
150 gram smelta margarin (gjerne uten melk)
Ca 17 dl kveitemjøl (ca 1100 gram )

Bland revne røter med salt. La det stå ei stund.
Bland alt det andre, så vatn og maragrin til slutt.
(Brukar du tørrgjær haes den sammen med mjølet.
Då skal også vatnet vere rykande varmt, 
ellers vil ikkje deiga heve skikkelig.
Brukar du vanlig gjær, må vatnet vere lunkent, 
og gjæra løyses opp i litt av vatnet.)


Deiga skal vere fast og smidig. La deiga heve ca 15 min. 
Kna den godt og form rundstykka.
Legg dei på plata og trykk dei flate. 
La dei heve til dobbel størrelse.
Steikes ved ca 200-225 grader i 15-20 minutt. Avkjøl på rist.
Dette er saftige, nydelige rundstykker. 
Raspa potet og gulrot viser ikkje når rundstykka er ferdig steikte,
men er med på å gjere dei ekstra saftige.

Rundstykka kan bakast heilt uten melk og egg,
så denne oppskrifta er fin for melke og eggeallergikere.

 
 Her har piå mi trykt ut bollar med julemannformer.
 

Edit 18.okt-09: I denne oppskrifta vil eg eksprimentere litt med
Møllerens FIBRA fullkorns kveitemjøl. Det er eit ekstra finmalt mjøl,
som fint kan erstatte deler av kveitemjølet en brukar i feks gjærbakst.
Vanlig kveitemjøl inneholder 3,6 % kostfiber mens dette inneholder 11,3 % -
det samme som sammalt kveite-grov. Heile kornet er nemlig brukt.
Og sidan det er endå finare malt enn sammalt kveite-fin hevar det mykje lettare.

Det kan selvfølgelig brukast i all bakst :)

torsdag 8. oktober 2009

Heimelaga karamellpudding

Eg har ikkje prøvd å laga karamellpudding før,
har alltid trudd det va so vanskelig.
Men med denne oppskrifta her
var det slett ikkje vanskelig.
Og... den vart steikandes god :)
 
Først sukker i forma, smelta det til karamell
og glaserte forma.


Når forma var avkjølt slo eg 'røra' over i forma
og rett i kald ovn i vannbad.
Ferdig pudding etter 1,5 time.

Kvelve den på ett fat.......
... og nytes sammen med karamellsausen
som danna seg av det karamelliserte sukkeret i forma.

Vel bekomme.

Her serveres oppskrifta om det e fleire som vil prøve :)

5 egg
4 ss sukker
1/2 ts vaniljesukker
6 dl h-melk

2 dl sukker til karamell i forma.
Smelt sukkeret og ha det oppetter kantane.
(sett forma på plata, på middels varme.)

Pisk egga sammen, ha så i sukker, vaniljesukker og melk.
Rør til sukkeret har løst seg opp.
Når forma er avkjølt, siles blandinga over i forma.
Sett forma i vannbad i kald ovn.

Puddingen steikes i 1-2 tima på 125 garder.

Sjekk om puddingen er ferdig ved å stikke ei skje halvveis nedi puddingen.
Om det ikkje heng noko på skjea er den ferdig.
Avjøl puddingen før den kvelves på ett fat.

NYYYTES :)

Sjokolade-muffins.

Her er oppskrift til ca 50-60 stk.
4 egg
360 g sukker
320 g kveitemjøl
4 ts bakepulver
100 g smelta margarin
2 dl melk
1 plate kokesjokplade
3 ts vaniljesukker.

Pisk egg og sukker til dosis.
Bland resten inni dosisen.
Sjokoladen finhakkes.

(ett tips: for at sjokoladen ikkje skal gli ned i botnen på muffinsformene
brukar eg å ha dei ferdighakka sjokoladebitane oppi en pose
og riste bitte lite grann kveitemjøl sammen med dei.)

Fordel i halvfulle muffinsformer.

Stekes nederst i ovnen ved 225 garder i ca 10 minutt.
Mmmmmm muffins

Verdens beste ostekake

Her er oppskrift på verdens beste ostekake:
225 g havrekjeks - Digestive.
125 g flytande margarin
(flytande er bedre enn smelta, for då blir ikkje botnen så hard.)
1 pk sitrongele (2 pk om du vil ha gelelokk)
2 bokser tine kremost naturell
125 g melis
1 ts vaniljesukker
1 pk kremfløte
1 boks lettrømme 
(kan sikkert byttes ut med creme fraishe lett)


Knus kjeks og bland med smelta/flytande margarin.
Press det nedi ei springform (ca 24 cm)
Sett forma i kjøleskapet.
Lag sitrongeleen med halvparten av vannmengda som er angitt på pakken.

La den stå i kjøleskap og stivne.
Bland kremost, rømme, melis og vaniljesukker.
Pisk kremfløten og bland inni osteblandinga.
Når geleen begynner å stivne, men før den blir stiv -
blandes den inni osteblandingen.
Hell blandingen i springformen, oppå kjeksa.
Sett den i kjøleskapet sånn at den blir heilt stiv.

Det er fint med ett gelelokk på toppen.
Hell da avkjølt gele, forsiktig oppå stiv osteblanding.
Sett i kjøleskap til den er stiv.

NYYYYYTES, mmmmmmmm :)

onsdag 16. september 2009

Heimelaga leverpostei :)

Her er oppskrift på min (mammas) leverpostei.
Denne lagar eg til kvar jul.
Hadde ikkje kunna tenkt meg ei jul uten.
.......
Legg levera i vatn over natta (ha gjerne litt eddik i vatnet)
Den bør minimum ligge i vatn 6 timar.
.......
1 kg svinelever (vekt ferdig rensa)
1 kg svinespekk (vekt ferdig rensa)
ca 400 gram kveitemjøl
2 liter melk
4 egg
1 stor eller 2 små løk
4 ss salt
2 ss pepper
3 ts malt nellik
1 lita boks ansjos (inkl laken)
.......
Grovmal lever, spekk og løk 2 gongar.
Bland inn krydder, egg og finhakka ansjos + laken.
Lag ein tjukk kvit saus av melk og kveitemjøl og bland i.
.......
Dette er passe mengde til 3 stk 2 liters former.
Eg kler formene med bakepapir,
for lettare å 'snu' leverposteien ut av formene
når den er ferdig og nedkjølt.
.......
Steik midt i ovnen i vannbad ved 250 grader i ca 2 timar.
Legg bakepapir over formene heile steiketida.
Her er kverna eg brukar når eg maler opp lever og spekk.
Grovheita blir akkurat passe på ei sånn kvern.
Kan nok også bruke ei kjøkkenmaskin,
men då blir konsistensen finare/meir kompakt.
Mamma hadde ei sånn kvern i oppveksten min,
og når eg oppdaga at dei var til salg, 
eigde eg raskt ei sånn eg også :D
.......
Velbekomme :)

tirsdag 15. september 2009

Eplekake.

Eplekake i langpanne.

4 egg (5 små)
5 dl sukker
9 dl kveitemjøl
5 ts bakepulver
4 ts vaniljesukker
300 g margarin
3 dl melk

Lag eggedosis av egg og sukker.
Smelt margarin og varm opp melka.
Bland i vekselvis vått og tørt.

Skjær epla opp i passe tynne båtar,
og rull dei i sukker, kanel og pitte litt vaniljesukker.
Legg dei passe tett opp på kaka.
 Strø sukker og kanel på kaka til slutt.
.......
Steik kaka ved 225 grader i ca 15-20 minutt.
.......
Nytes varm/lunken sammen med vaniljeis :)

 

fredag 21. august 2009

Fiskesuppe 'nesten' ala Lene :)

FISKESUPPE

Eg har lånt oppskrifta på fiskesuppe av Lene i gutua.
Eg har forandra litt på den, gjort den litt magrare,
og so har eg brukt litt annen fisk.
Fisk kan en velge ut frå det en har tilgjengelig.

Om ikkje denne suppa er direkte mager,
er det iallefall ett magrere alternativ til fiskesuppe :)



Eg freste 3 fedd kvitløk, litt sellerirot, ei stor gulrot
og en del av en purre i litt olivenolje
og lot dei g
odgjere seg der en liten stund.
I mengde kan sellerirot, gulrot og purre
utgjere det samme.
Grønsakene strimla eg i tynne skiver.
Dette gjorde eg før eg begynte på suppa.

Til suppa smelta eg ei stor spiseskje margarin
i ei panne og hadde i ca. 2 ss hvetemel.

Deretter hadde eg i ca. 1 liter vatn som var
blanda med 2 fiskebuljongterningar.
Etterpå helte eg oppi en liten kartong matfløte
og et beger med creme fraishe, lett.

(Du kan lage fiskebuljong av 1,5 liter og
3 buljongterningar,
og bruke ca 1,2 liter av det,
om du vil ha litt meir fiskesmak av suppa.
Suppa blir då litt mindre krema.)

Deretter tok eg grønnsakene oppi kjelen,
krydra med dill, salt og pepper.

Når dette hadde putra ei lita stund,
sånn at grønnsakene var blitt møre pressa eg
oppi litt sitron for å gjere suppa litt meir syrlig.

Rett før suppa var ferdig hadde eg oppi bitar av
torsk, reker og krepsehalar.

Ikkje koke suppa etter at krepsehalar og reker er
hatt oppi, då dette lett blir seigt.

Suppa serveres med kvitløksbaguetter.

Nytes :)


lørdag 25. juli 2009

Kylling-wok

I kveld har eg laga kylling-wok.



















Oppskrift på 3-4 porsjoner:

3 kyllingfileter.
Kyllingfiletane skar eg opp i terningar og marinerte i
Caj P. Marinad vitlök/hvidløg i ca 2-3 timar.

1 stor paprika - kutt i litt store bitar
1 stor løk - kutt i litt store bitar.
1 boks babymais
1 pose sukkererter
4 passe reddikar - kutt i tynne skiver med skallet på.
1 stor gulrot - kutt opp i strimlar.

Kyllingen forstekte eg på steikepanne før eg woka grønsakene.

Ha litt olje i woken, og la den bli varm før du har grønsakene oppi.
Hiv grønsakene oppi og wok dei 2-3 minutt.
Ha oppi kyllingen.

Krydre med seltinsalt og peppermix.

Server sammen med fullkornsris eller naturris.
Hell litt soyasaus på risen.

Nytes :)

onsdag 17. juni 2009

Fisk i folie i grua.

En passe bit av skinn- og beinfri torsk.














Legg denne opp på dobbel steikefolie.

Strø på seltinsalt og peppermix.
Kutt så opp purreløk og dryss over.

Legg oppå der igjen ei passe mengde med frossen brokkoliblanding.
Og til slutt en bit meierismør,

Pakk det godt inn, med skøyten opp.
Legg dette på grillen, i steikeovnen
eller rett i grua og la det ligge i ro 15-20 minutt.

Serves sammen med kokt fullkorn- eller naturris.

Nyyytes, dette er fantastisk god grillmat :).

En enkel og god salat.

Isbergsalat
raud og gul paprika
mais
rødløk
agurk
tomat
reddik
sukkererter

Alt kuttes i passe størrelse og blandes.
En sånn salat kan serverast til dei fleste rettar, der det passar med en salat til.

I steden for dressing, server mager kesam til salaten.

Fiskegrateng.

Fiskegrateng.

Torsk - ett par skinn- og beinfrie filetar - kokes og avkjøles.
Del fisken i mindre biter.
1 pose brokkoliblanding - kok opp og sil av (uten salt).
Litt purreløk - kuttes i fine skiver/ringer.

Legg dette i ei form.

7 eggeplommer
1 boks cottagecheese
seltinsalt
pepper

Bland alt dette sammen.

Pisk så 7 eggekviter og bland det sammen med det andre 'våte'.

Slå det over fisk og grønsaker og bland lett.

Strø litt kavringrasp over.

Steikes ved 200 grader i ca 30 minutt.

Spaghetti med kjøttsaus.

400 gram karbonadedeig - brunes først aleine

1 løk - kutt opp
1 paprika - kutt opp

1 lita boks mais
4 store tomater - fjern skinn og finkutt
2 ss tomatpuré
litt rapsolje

4 fedd kvitløk- presses eller finkuttes
1 dl lettmelk

oregano
paprikapulver
seltinsalt
peppermix

Når du har bruna karbonadedeiga,
brun løk og paprika sammen med karbonadedeiga ei stund før du tilsetter resten.

Lettmelk og kvitløk tilsettes til slutt.
Putre så alt ilag ett minutt eller to.

Server dette sammen med fullkornspasta, feks spaghetti.

Heimelaga kjøttkaker

Kjøttkaker.

400 gram karbonadedeig
2 egg
0,5 dl vatn eller lettmelk
2-3 shalottløk eller en halv vanlig løk - finkuttes
seltinsalt
pepper

Alt blandes godt, og steikes på passe varme.

onsdag 10. juni 2009

Skinke- og grønsakgrateng ala Mariann.

Skinke- og grønsakgrateng.

2 bokser kalkunskinke - kuttes opp.
1 pose grønsakblanding (erter, gulrøtter og blomkål)
- kokes opp (uten salt) og siles av.

Legges i ei form.

7 eggeplommer
1 boks cottagecheese
seltinsalt
pepper

Bland alt dette sammen.

Pisk så 7 eggekviter og bland det sammen med alt over, slå det så over skinke og grønsaker.
Bland det litt sammen.
Strø over litt revet ost.

Steikes ved ca 200 grader i ca 30 minutt.

Serveres med en god salat og grovt brød.