søndag 20. november 2011

Svineribbe - lavkarbo ♥

Nyyydelig middag, en liten smak av jul

Og her lager vi ribba som Hellstrøm :) 

Altså rute opp svoren, salt og pepre den.
Legges opp-ned i vatn frå kvelden før steiking.

Sett ovnen på 180 grader....
Sett ribba inn med svoren ned, i vatn....
Lat dette stå sånn ca 1 time.

Etter en time snus ribba, og då bygger eg oppunder
med 4-5 rullar av aluminiumsfolie.

Steik vidare en time til.....
siste halvtimen skrur eg opp tempen til ca 225 grader...
pass også på å helle steikeskyen over svoren...
kvart 5-10 minutt... det eer viktig so ingenting blir brent.

Om du skulle vere uheldig å ikkje få sprø svor, kan
du bruke grillelementa ett lite øyeblikk...
men OBS, følg med og pass på.... det blir fort FOR
mykje steikt... ikkje godt med svart svor :////

Svoren min i dag..... knasande sprø, nam nam :)


Har lurt litt på tilbehør, foruten rødkål og tyttebærsyltetøy.
I dag prøvde eg en pure av sellerirot, blomkål og brokkoli.

Og ja, det var knall godt :)
Like mengder av desse grønsakene.
Kok blomkål og brokkoli møre i vatn, 6-7-8 minutt.
Kok sellerirot i terningar møre i en fløteskvett.

Når alt er mørt, blandes det i en kjele, kanskje ha oppi
en fløteskvett til. Ha også oppi en klatt med smøre og litt
av steikeskyen frå ribba. Køyr med stavmikser. DIGG :)

Kjøpt rødkål har en del karber... kanskje eg skal lage
sjøl... ellers tåler eg for min del dei karbene til julematen :)

Bon apetitt :)

lørdag 19. november 2011

Biffsnadder med rømmesaus - lavkarbo ♥

Nydelig kveldsmat i kveld :)
Nemlig biffsnadder med rømmesaus.

Type kjøtt: Biff mørbrad.
Har du to steikepanner, bruk 2 :)
På den eine steiker du sjampinjong,
eller annen sopp om du har.
På den andre steikepanna steiker du kjøttet
i terningar. Pepre litt til og begynne med,
og salte først når kjøttet har fått steike'skorpe'.

Når soppen er ferdig, brunar du paprika og løk 
i store bitar. 
Legg kjøtt og paprika løk på tallerkenen...
gi soppen ei rask runde i steikepanna.
Ha pitte litt smør i steikepanna du steikte kjøttet
i, hell oppi ei boks rømme.... la dette putre ett par 
minutt og smake til med pepper.
Ha soppen på tallerkenen og hell over rømmesaus.

Mmmmmmm rømmesausen blir so god på denne
måten....... klarer ikkje å gi meg før den er spist opp ;)

tirsdag 15. november 2011

Snaddermat med svin - lavkarbo ♥

Deilig middag i dag, ytrefilet av svin med tilbehør :)

Ganske enkelt, men nyyydelig godt var det :)

Masse sjampinjong (ja eg som ikkje likar sjampis,
syns dette vart godt.... kanskje har eg blitt voksa hihihi)
løk, paprika og babymais.. svinekjøtt.. og ei boks rømme,
vips so har du ett nydelig måltid.

Har du to steikepanner er det veldig greit, men ikkje ett
must altså. Steik (eg likar det marinert) kjøttet i 
små terningar. Samtidig steiker du den oppskiva soppen
i masse meierismør ( i panne nr 2) eg likar den godt steikt. 
Salte og pepre soppen

Når den er ferdig steikt, steiker du løk, paprika og babymais.
Samtidig tar du kjøttet på tallerkenen, og heller rømma
oppi steikefettet frå kjøttet. Smak om du trenger å 
krydre litt. Trenger berre so vidt å koke. Dette er den enklast
og beste sausen som fins til steikt kjøtt :)

Velbekomme :)

søndag 13. november 2011

Bløtkake - lavkarbo ♥

Då har eg laga mi første lavkarbo-bløtkake,
og den vart knallgode, heilt lik ei vanlig bløtkake :)


6 egg
40 g tagatesse
2 ts bakepulver
3 ts Johannesbrødkjernemel
3 gode ss bakepro

Pisk eggekvitane stive, ha deretter oppi søtinga, og
til slutt piskar du inn ei og ei eggeplomme.Vend
forsiktig inn 'mjølet'. Ha røra oppi ei kakeform.

Eg hadde bakepapir i botnen av forma, då slepp den 
uten problem. So smurte eg litt på kantane med smør.

Steikes på 160 grader i 20 minutt. Ha over bakepapir
dei siste 10 minutta, eller heile tida. 160 grader fordi
tagatesse tåler ikkje høgre temp. Kan steikast på 180-
200 grader om du brukar anna søting, og då kanskje
berre 10-12 minutt. Du må nok også doblemengda om 
du brukar anna søting. Prøv deg litt fram.

Kaka var høg og fin når eg tok den ut av ovnen....


Men som lavkarbokaker flest, seig den litt ihop...


Men den vart fin og høg nok til å dele i to :)
Kan nok også steikast i langpanne, og delast i to.
Går vel fint med ei firkanta bløtkake også :)


Fyll kaka med krem, med heimelaga bringebærsyltetøy.


Stryk ett tynt lag med krem på kaka før pynting.


Pynt etter eget ønske :)


Eg har pynta med bringebær, går fint å tine fryste bær :)


Velbekomme, denne vart knallgode :)


onsdag 9. november 2011

Brød av bolleoppskrift - lavkarbo ♥

Ja, desse bollane som eg laga til sist vekes 
brødmåltid var knallgode :)
Holdt på med røra/deiga i kveld..... og rett før
den ble putta i muffinsformer, bestemte eg meg
for at det skulle bli til ett brød i steden for :)
Og resultatet vart bra det, lyse og fine brød.

5 ss kruskakli
7 ss Bakepro
4 ts JBK
2 ts bakepulver
1 lita ts tagatesse
1/2 ts seltinsalt
5 ss creme fraiche
4 egg
3 ss rapsolje
100 g kremost naturell

Bland først alt det 'våte', og 'køyr' med stavmiksar.
Bland alt det tørre, og rør det godt inni det 'våte'.

 I ei bakepapirkledd for med røra.....

175 grader, i ca 1 time.

Velbekomme, brødmåltida for dei kommande 
dagane er 'i boks' :) Eg spiser ikkje masse brød, 
men til frokost syns eg det er godt med ett par
tynne brødskiver. Med masse godt pålegg på :)

Give away hos Fristende lavkarbo.s

Sjå her folkens!!
Det er give away hos Fristende lavkarbo.
Du kan vinne den nye boka,  
og diverse lavkarboprodukter, som ho brukar
i oppskriftene sine i den nye boka.


tirsdag 8. november 2011

Minipizza - lavkarbo ❤

I dag vart det pizza til kvelds, minipizza.

Tips til minipizza-botn fant eg hos
LenaBeatrice :), som ellers også har en

Ta to osteskiver, eg brukte Kavli skivet skinkeost.

Legg dei dobbelt på ett bakepapir i mikroen.

Steikes til osteskivene er lett gylne, ca 45 sekund. 
Følg med og prøv deg fram, mikroane er ulike i styrke.

Legg på fyllet du ønskar, og topp med kvitost.

Steik i ovnen til osten er gyllen :)

2-3 sånne pizzaen, er passe til ett måltid :)

søndag 6. november 2011

Ala 'firkløverkake' - lavkarbo ♥

Dagens kake var rett og slett knallgod :)
Mandelbotn med sjokolade/peanøtt-krem.

Eg laga samme botnen som til suksessterta.
Originaloppskrifta fant eg hos Lavkarbotips.
Men eg reduserte den litt:

Botn:
4 eggekvitar
133 gram malte mandlar
66 gram tagatesse
1 ts bakepulver
1,5 gode ss flytande bremykt
(eller meierismør)
Pisk eggkvitar og tagatesse til det er heilt 
stivt og luftig, ca 5 minutt.
Bland inn mandlar og bakepulver.
Bland til slutt inn smøret.

Haes i ei smurt, rund form - 24 cm, 
helst med bakepapir i botnen.

Steik på 160 grader, ca 35 minutt.
(Tagatesse tåler ikkje over 160 grader)
Avkjøles på rist. Har du bakepapir i botnen,
er det lett å fjerne kakeforma.

Sjokoladekremen:
1 dl kremfløte
75 g mørk sjokolade, over 70 %
ca 20 g tagatesse om du brukar 86 %,
smak deg fram... 8-10 g til 70 %.
ca 40 g peanøtter

Kok opp fløten, smelte så sjokoladen i 
fløten. Bland raskt in tagatessen. Bland tilslutt
i peanøttene, som du gjerne kan hakke litt.
Slå kremen over kaka.

Nyyyyt ett kakestykke (eller to), den var rett
og slett nyyydelig :) Konfektkake, nam nam :)

Elgsteik i dag - lavkarbo ♥

Elgsteik, mmmmmmm nyyydelig :)

 Tilbehør: fløtegratinert sellerirot og grønsaker.
Sausen i dag innholder pittelitt kveitemjøl, 
gammaldags jevning ja.... men en sjelden gang
går det aldeles fint, litt utskeielsa må en tåle ;)

fredag 4. november 2011

Mmmm, nydelig sjokolade - lavkarbo ♥

Sjokolade e digg, og eg likar å kose meg 
litt av og til. En sjokolade til kaffien er rett og slett godt ;) 
Og med peanøtter i, mmmm :)

Det enkle er ofte det beste seiest det..
og det stemmer det gitt.
Har smelta ei blanding av 70 % og 86 %
sjokolade i mikro. Blanda inn litt tagatesse.
Mengde må smakes til. Eg brukte ca 15 g
til knapt 100 g sjokolade. So hakka eg litt
peanøtter som eg dryssa oppi formene, etter
at eg hadde hatt oppi sjokoladen. Inni kjøleskapet
en liten time.... VIPS nydelig sjokolade.
Og når den er laga uten cocosa, vil den ikkje smelte
i romtemperatur eller bli klissete når du holder
den. Kjekt å kunne ta fram litt sjokolade i ei
skål, uten at dei blir mjuke og klissete :)

Mmmmmm, digg med peanøtter :)

torsdag 3. november 2011

Nakkekotelett med fløtegratinert sellerirot - lavkarbo ♥

No har eg laga fløtegratinert sellerirot igjen,
og det er myyykje bedre enn originalen med potet :)

Kotelett servert med masse grønsaker og
fløtegratinert sellerirot, fløtesaus og tyttebærsyltetøy.
Skikkelig digg mat, mmmmmm :)

Eg forandra litt på den fløtegratinerte sellerirota:
Hadde litt parmesan oppi, og litt naturell smøreost.
Hadde oppi smøreosten (Landord) for å at den 
skulle verte pitte litt tjukkare. For å sleppe å koke 
fløten so lenge. Og det funka bra det :)