søndag 29. januar 2012

Pizza, knallgod - lavkarbo ♥

So har eg prøvd ut en til pizza, og den kom eg over
med ei tilfeldighet. Skulle egentlig leite etter ei anna 
oppskrift på lavkarbo.no, so dukka plutselig denne 
oppskrifta opp. Og eg vart no litt nyskjerrig. Såg litt 
spennande ut ;)) Og denne botnen er knallgod :)

Men for at det må vere sagt, her er 'fyllet' aldeles
uviktig ;) Hadde berre pølser, og botnen ville eg prøve.
Veldig greit faktisk, for når du bruka masse fyll 
med masse krydder, er det fort gjort å gå glipp av
smaken på det du egentlig prøva ut. Denne botnen
var kjempegod, sjøl med dette enkle fyllet :)

Eg har redusert mengda av olje en del.
0,8 dl olje - 0,3 dl på bakebrettet, resten i deiga.
5 egg
50 g ketolyse bakemiks
0,5 dl vatn
400 g raspa kvitost
kebabkrydder og cayennepepper

Sett ovnen på 170 grader.
Ha bakepapir i ei langpanne, og hell utover oljen.

Strø osten utover bakebrettet, og krydre litt
med kebabkrydder og cayennepepper.

Steikes til osten er sprø, ca 15-20 minutt.
Slå av oljeoverskuddet, ellers blir botnen for feit.

Eg har redusert oljemengda i oppskritfa, so der blir 
ikkje so mykje overflødig olje.

Bland dei øvrige igrediensane til ei tynn røre.
Bland den gjerne med miksar eller liknande for å 
unngå klumpar. Hell den over den sprø osten.
Steikes til den skiftar farge, ca 10 minutt.

Før du har på fyllet drar du bakepapiret over
på ei rist før du har på fyllet og steiker vidare.
Eg trur at då vil botnen bli meir sprø.

No har du på det fyllet du ønsker... mitt vart som 
sagt pølser i dag. Topp med ost.


Eg skrudde opp tempen til 200 grader, og steikte
til osten vart gyllen, ca 15 minutt.

Skjer opp med en gang og avkjøl litt på rist.
På rist, uten bakepapir, beholder botnen sprøheten.

(Denne pizzaen er en liten prøvestørrelse)

Den var forresten like god oppigjen varma,
då varma eg den oppigjen i ovnen, ikkje prøvd
mikro, men pizza i mikro er vel uansett grusomt.

Eg seier berre, nyyyyt - denne var knallgod :)

lørdag 28. januar 2012

Rundstykker - lavkarbo ♥

Kjempegode rundstykker, som heva godt.
Fant originaloppskrifta på lavkarbo.no, her.

Eg fikk 8 rundstykker av denne oppskrifta:
(halvert originaloppskrift)

1 dl sesamfrø uten skall
1/2 dl linfrø
2 ss mandelmel
2 ss glutenmel
3 ss fiberhusk
1 ts bakepulver
1 ts salt
1/2 ts tagatesse (kan sløyfes)

Bland alt det tørre godt sammen.
3 ss kaldpressa rapsolje
6 ss fløte
4 egg

Bland det våte godt sammen før du har det 
oppi ilag med det tørre.

4-5 dl revet ost
som du blandar godt ilag med det andre.
Lat deiga stå å svelle ca 10 minutt.

Form rundstykke med litt våte fingrar.
8 rundstykker på plata av denne oppskrifta.

 I ovnen på 200 grader, ca 20-25 minutt.
(og ja.... eg glømte tida litt på desse, men
smaken vart god uansett)

Oppbevar i kjøleskapet.
Desse rundstykka er ekstra gode når du lunkar 
dei i ovnen før servering :)

fredag 27. januar 2012

Rullekake, tacolefse og masse meir, i ei og samme oppskrift - lavkarbo ♥

Endå ei ny, spennande og allsidig oppskrift.
Denne oppskrifta fant eg i bloggen 

 
Enkel og grei oppskrift:
Har rekna den om til gram og ml,
ellers er den lik originaleoppskrifta.

2 egg
2 eggekvitar
10 g bakepro
15 g kokosmel/mandelmel/ketolyse bakemiks
15 g fiberhusk
60 ml vatn

Eg har laga den med kokosmel, men vil også prøve 
den med mandelmel og bakemiks.
Eg trur ikkje eg kjente noken kokossmak, men
av og til va der en liten anelse, trur eg ;)

Aller først pisk lett sammen egga, og bland i alt
det tørre. Bland deretter inn vatnet. Bland godt.
Stivpisk eggekvitane og bland dei forsiktig inni røra.


Røra blir litt kremaktig/mousseaktig.


Bre den utover ett bakepapir og steik den på 160
grader i ca 20 minutter.


Ta den ut av ovnen og snu lefsa/kaka på ett nytt
bakepapir og trekk av det andre. Avkjøl.


Eg delte den i 4 og prøvde den til litt forskjellig:


Eg hadde creme fraiche og heimelaga syltetøy
søta med tagatesse. Rulla den sammen. Desse lefsene 
kan fint varmes lett i ovnen før du lagar denne rullen.


Som tacolefse (her vil eg prøve med bakemiks)
Ellers var den veldig fin konsistens på denne lefsa.


Eg rulla inn kjøttdeig og ost, strødde litt ost
på toppen og steikte det ei stund i ovnen.
Også her er det nok best med bakemiks, sjøl om 
eg egentlig ikkje kjente noken utprega kokossmak.





Her er det uante muligheter. Eg vil prøve fleire
muligheter etterkvart, imellomtiden ta en tur innom 
bloggen eg har linka til og les :)

søndag 22. januar 2012

Troika - lavkarbo ♥

So har eg prøvd meg på Troika, har tenkt på
det lenge... litt tidkrevande, må lages over 2 dager.
Vel no har eg prøvd, og nam nam nydelig sjokolade :)

Kvelden før du har tenkt å lage Troika må du
skolde 250 gram mandler. Og lage trinn 1 på
trøffelkremen.

Forma mi er ca 20 x 30 cm, passe porsjon til den.
Legg ett bakepapir i botnen på den.

Trøffelkrem:
50 g 86 % sjokoldae
18-20 g tagatesse
1,5 dl fløte

Kok opp fløte og tagatesse og ta det av plata.
Legg sjokoladen oppi den varme fløten, oppdelt
i bitar. Rør litt mens den smeltar. Sett den til kjøling.
No skal denne stå kaldt til dagen etter.
Då skal den piskast opp, før du stryker den på som lag 2.

Marsipan:
250 g mandlar - skal malast so fint som mulig
62 g tagatesse
1/2 ts tragant
15-20 ml eggekvite - prøv deg fram

 
Min marsipan vart nyyydelig på smak, perfekt søta.
Men den vart litt tørr, og vanskelig å arbeide med.
Trur det var fordi den var for grovmalt... må prøve å 
forbedre denne. Men i ferdig sjokolade var den god.

Kjevle ut marsipanen og  legg det som første lag i forma.
ha bakepapir under, og kanskje over.
Eg har metallkjevle, so eg treng ikkje det.
Sett forma i kjøleskapet sånn at marsipanen blir kald.

Pisk so opp trøffelkremen, og legg den som lag nr 2
i forma. Sett den på nytt i kjøleskapet.


Gele: som du kan lage med en gang du begynner
å lage denne troikaen.

5 gelantinplater
3 dl passe sterk FunLight saft, bringebær
Legg gelantinplatene i kaldt vatn i 10 minutt
kok opp safta og ha so i gelantinen og rør godt.
Sett geleen til avkjøling i kjøleskap.
Når den er passe stiv, slår du den over som lag nr 3.


Inn i kjøleskapet med det igjen.
No må det stå til det er gjennomkaldt, geleen er 
skikkelg stiv. Det skal no dyppast i sjokolade.
Til kaldare bitane er, til lettare er det å dyppe.

Eg ønskar meg forresten en potetgaffel, då trur eg 
dyppinga blir noke mindre grisete, fro det er den ;)

Sjokoladetrekk:
ca 100 g 86 % sjokolade
7,5 ml flytande natreen

Eg har brukt flytande natreen, for å sleppe den
knasande sjokoladen det blir om eg brukar
tagatesse. Tagatesse gir god smak, men den vil
ikkje smelte skikkelig i sjokoladen.

Smelte sjokoladen, tilsett so natreen.
Dypp i passe store sjokoladebitar.
Sett kjølig til sjokoladen er heilt stiv.

Oppbevar i tett boks i kjøleskapet, om ikkje du 
spiser dei opp før du kjem so longt ;))

Nyyyt, knall god kaffesnop

lørdag 21. januar 2012

Kyllingpizza - lavkarbo ♥

Måtte berre teste ut ei 'ny' pizzadeig......
so då vart det pizza til lunsj i dag ;))

Fant oppskrifta på botnen i denne linken her,
på lavkarbo.no. Flott forum forresten, med masse
gode råd, inspirasjon og oppskrifter.

2 egg
15 ml (1 ss) fløte
1/2 ts bakepulver
40 g revet ost, gjerne parmesan
litt salt
15 ml (1 ss) olje
20 g (2 ss) ketolyse bakemiks

Rør alt sammen og bre ut over ett bakepapir.
Botnen blir litt mindre enn en Grandiosa.

10 minutt på 225 grader, til den blir fint brun.

Ha på ditt favorittfyll, i dag vart mitt sånn:

1 kyllingfilet
2 stk litt store sjampinjong
1/4 gulløk
1/2 raud paprika
3 stk babymais - i mindre bitar
2-3 ss fløte
2-3 ss rømme
seltinsalt, pepper og paprikakrydder
kaldpressa rapsolje til marinade og steiking
smør til steiking
Skjer opp kyllingen i bitar og legg det i marinade,
olje med salt, pepper og paprikakrydder.
Lat det ligge minst 1 time, helst lenger.

Skjer opp soppen og steik den. Først på ganske sterk
varme i olje, deretter får den surre i smør. Salte og pepre.
 Brune så kyllingbitane på passe sterk varme.
Ta til side sopp og kylling.

Brune paprika, løk og babymais, krydre.
Ha so over rømme/fløte og lat det surre ei stund.

Ha rømme/fløteblandinga på den forstekte
pizzabotnen. Ha so på passe mengde med ost.
Strø over kylling og sopp.
Steik på ca 200 grader til osten er gyllen.

Avkjøl den litt, gjerne på rist, før du spiser :)

Absolutt en god pizza, sjøl om min absolutte
favoritt pizza er denne; OPP-NED pizza:)

fredag 20. januar 2012

Kyllingdigg med tagliatelle - lavkarbo ♥

Tilbehøret i dag er tagliatelle, vidunderpastaen til Skyric.
Hovedretten har eg kalla kyllingdigg - og det var DIGG det :)

 
Her har vi ingrediensane, pluss litt olje, smør og krydder.
Ett godt utgangspunkt for å få til ett godt måltid.

2 kyllingfiletar
3 passe store sjampinjong
1 passe stor, raud paprika
1/2 gulløk
10 babymais
tilsammen 3 dl fløte/creme fraiche, ca likt delt
litt parmesanost
seltinsalt, pepper, paprikakrydder

Aller først delar du kyllingfiletane i passe bitar,
og legg dei i en marinade av kalspressa rapsolje
men salt, pepper og paprikakrydder. Lat det ligge
so lenge du har tid, minst en time og helst litt lenger.

Deretter skivar du sjampinjongen, og steiker den.
Aller først i varm olje, brune den litt.
Ha deretter smør i panna, og lat det surre litt til.
Salte og pepre.

Brune kyllingen i smør på passe varme.

Ta til side sopp og kylling.

Brune so paprika og løk ei stund, før du har oppi 
babymaisen. Krydre litt med paprikakrydder.

Når det har fått surra ei lita stund i smør, haes kyllingen
oppi. Ha så over fløte/creme fraiche og lat det putre litt.
Lat det putre litt til det tjuknar. 
Krydre meir med salt, pepper og paprikakrydder,
om det er nødvendig. Smak deg fram.

Rett før det er ferdig har du oppi soppen.

Først tagliatelle på tallerkenen, deretter kyllingdigg.

Tilslutt raspar du litt parmesanost over.

Mmmmmmm, dette var virkelig digg altså :)