søndag 28. april 2013

Fløtegratinert klippfisk - lavkarbo ♥

Dette har eg tenkt på å lage lenge, og jammen var det godt.
Og veldig enkelt å lage, en må berre tenke på det dagen i forveien.
For klippfisken må leggast i vatn.

















Til ei form, 4-5 porsjonar.

400 g klippfisk

Denne brukte eg, vatna den ut 14-15 timar, skifta vatn en gong.




















Ei stor sellerirot
Knapt 2 pk fløte
3-4 gode ss creme fraiche
3-4 fedd kvitløk
salt og pepper

2-300 g bacon, i terningar

Dei grønsakene du ønskar, eg brukte blomkål og brokkoli

1. Legg klippfisken i vatn kvelden før


















2. Trekk klippfisken i vatn - 10-15 minutt.

3. Kutt sellerirota i skiver. Ha fløte, cf og kvitløk (pressa eller
finkutta) i ei panne. Koke det opp, og ha i sellerirota. Lat dette
putre til sellerirota er mør, og fløten har fått tjukne en del.
Det kan godt vere bra med fløte her, for vi vil ikkje at fisken
skal bli tørr.
Om du vil, kan du ause opp litt av fløten og vispe inn ett egg
eller to og tilsette dette igjen rett før du slår sellerirot og fløte
klippfisk i forma. Det må ikkje koke i panna etter at egga
er tilsett.

4. Legg klippfisken i botnen på forma.
















5. Slå sellerirota over fisken.














Steikes ca 30 minutt på ca 200 grader.

Mens du ventar på forma i ovnen, steiker du baconterningane.

Velbekomme.


















lørdag 27. april 2013

Kyllingform med sopp - lavkarbo ♥

En variasjon på bruk av kylling. Enkelt og smakfullt.














 Dagens ingredienser til ca 4 personar:

















1 passe stor sellerirot
4-5 kyllingfileter
4-500 g sopp, den du likar best eller får tak i.
Eg brukte sjampinjong i dag, men Aromasopp og
Østerssopp er også godt.

3-4 fedd kvitløk
1 pk fløte
3-4 ss creme fraiche
ost til topping
olje til marinering av kyllingen
paprikapulver
pepper
salt

Del kyllinfiletane i passe terningar og mariner i
olje, paprikapulver og pepper.
Lat det gjerne stå over natt, iallefall so lenge du har tid.

Del sellerirota i tynne skiver, og ha den oppi ei panne ilag
med fløte, CF, pressa/finkutta kvitløk, salt og pepper.
Lat dette putre til sellerirota er mør, 15-20 minutt iallefall.

Ha sellerirota i ei ildfast form.

Steike kyllingterningane på passe sterk varme. Salte når du
har fått 'steikeskope' på den.
Legges opp på sellerirota, når den er ferdig steikt.

Del soppen  i passe tynne skiver, og steik den. Litt og litt
i gangen. Når alt er steikt saltar og peprar du soppen litt.
Ha soppen på toppen i formaog 'dytte' kylling og sopp litt
forsiktig nedi fløten.
Ha ett godt lag med ost på toppen.

Steikes ca 30 minutt på 200 grader.

Serveres gjerne med en god salat.

mandag 22. april 2013

Fiskewok - lavkarbo ♥

Dette må vere den beste måten å spise fisk på.
Og den beste måten å tilberede grønsakene på.

Mine ingredienser:


Blomkål, brokkoli, babymais, paprika,
løk, sukkererter og soltørka tomater.

Samt torsk og bacon.

Mengde får vere ei smakssak her.













Aller først gi blomkål og brokkoli ett raskt oppkok, og maks
ett par minutter koking. Ha litt salt i vatnet. Avkjøl raskt i kaldt
vatn.
















So kuttar du bacon i små terningar og steiker desse i passe
varmt smør.
















Deretter står torsken for tur. Deles i passe bitar og steikes
i rikelig, passe varmt smør. Pass på at fiskebitane er godt
avtørka so det blir minst mulig væske panna. Salte og pepre
forsiktig. Snu fiskebitane forsiktig under steiking, so dei
forblir i heile bitar.
















Ha olje i woken, eg likar godt min støpejernswok som tåler
god varme.
Når oljen er godt varm har du oppi løk, paprika, babymais,
sukkererter og dei soltørka tomatane. Lat dette surre ei lita stund
i den vare oljen.


















Mot slutten av steiketida har du oppi blomkål og brokkoli.
Salte og pepre litt.
















Heilt til slutt har du oppi torsken, og vender den forsiktig inn
ilag med grønsakene.






























Serveres rykande varmt med ett dryss steikte bacon.
















Velbekomme og nyt.

lørdag 13. april 2013

Pavlova - lavkarbo ♥

Har prøvd å lage Marengsbotn før, med tagatesse..
og det var ikkje vellykka.

No har eg prøvd igjen, med sukrin +, og det vart
en skikkelig innerTIER :) Knallgod smak og
konsistens; sprø og 'tørr'.

Då blir det PAVLOVA

















Marengsbotn:
3 eggekviter
75 g sukrin +
1/2 ts hjortesalt
pitte litt salt
1 ts vaniljesukker (heimelaga med sukrinmelis og vaniljestang)

Piske først stive eggekvitane, ha deretter sukrinen oppi,
og pisk vidare. Dette skal vere veldig stivt.
Til slutt drysser du oppi hjortesalt, salt og vaniøjesukker
og piskar det inni.

Fordel 'røra' på ei bakepapirkledd bakeplate, 24-26 cm
i diameter. Eller to små kakebotnar, ca 19-20 cm.

Sett brettet i oppvarma ovn.

100 grader, ca 2 tima og 15 minutt for to små botnar.
Kanskje opp mot 2,5 time for en stor?
So lav temperatur, for denne botnen skal tørke, ikkje
steike.

Ta den ut av ovnen og avkjøl den heilt før bruk.

Fyll: Vaniljekrem

1,25 dl fløte
4-5 eggeplomma
1 ts bourbon vanilje
ca 20 g tagatesse

Bland alt i panne og varm opp under omrøring heile tida.
Det vil tjukne ettersom det blir varmt.
Om du ikkje får det tjukt nok, kan du ha oppi ei eggeplomme
til. Det vil bli tjukt nok. Kjøl ned i kjøleskap.

Om du vil bruke vaniljestang isteden for vaniljepulver
(har ingenting å seie for smaken), lar du stanga ligge å trekke
i fløten før du har oppi eggeplommane. Ta ut stanga før
du har oppi eggeplommane. Eller du kan bruke frøa, som
du skrapar ut av vaniljestanga.
Men det enklaste er å bruke vaniljepulver, det svarte (bourbon).

Ta så 1,25 dl fløte og pisk til krem, og bland med den
avkjølte vaniljekremen, som du piskar litt 'opp' først.

Legg vaniljekremen opp på botnen,
og pynte med blåbær og bringebær.... eller andre bær.

Nyyytes














torsdag 11. april 2013

Mandelsmør - lavkarbo ♥

Mandelsmør, like godt som peanøttsmør.





















Riste mandlene du skal bruke i ovnen.
Ta ei passe mengde mandler og spre utover ett
bakebrett. Sett ovnen på 120 grader.
Lat brettet med mandler stå i varm ovn 20-25 minutt.

Ta ut brettet og avkjøl madlene.

'Kjør' mandlene i foosprossessor eller blender.
Massen vil etterkvart bli ganske feit.
Når du trur du er ferdig, kjør det endå ei stund.
Alle dei som ikkje er klar over kor mykje feitt som
faktisk finnes i nøtter/mandler burde lage mandel/nøttesmør.

Når det er ferdig 'kjørt', tilsetter du den mengde salt du
ønsker, litt og litt. Eg brukte maldonsalt.

Oppbevar i kjøleskap i tett glass.
Kjempegodt pålegg, med ca 7 g karber på 100 g.