søndag 25. mars 2012

Kjøttdeig på grua - lavkarbo ♥

Pølser er lett å spidde på bål og glør, men en kan
fint lage andre ting også. feks med kjøttdeig.
Eg laga to variantar i går, som du kan forberede
både på kjøkkenet heime eller på ei 'fjøl' ved bålet.


Eg laga min mat ved bålet, syns det er halve stasen
når maten skal steikast på bål :)

Her er ingen nøyaktige mål:
Kjøttdeig, løk, paprika, kvitløk, salt og pepper.

Eg kutta opp paprika, løk og kvitløk og blanda det
sammen med kjøttdeiga. Salta og pepra.
Stappa full ein paprika eg hadde skjer 'hatten' av.
Pakka det godt inni dobbel folie.



Neste variant forma eg nesten som ei karbonade inni
folien og pakka godt inn, også i dobbel folie.



Legg pakkane på glør bakerst i bålet, og lat det stå.
Tok ikkje nøyaktig tid, men ca 30 minutt kanskje.
Mens du ventar spidda du ei pølse som forrett :)


Eg åt maten frå folien og ei skjerefjøl, med en
klatt creme fraiche på :)


Og med ei sånn utsikt når eg lagar mat, 
blir det ekstra godt :)

fredag 16. mars 2012

Surmelkslappar eller pannekaker - lavkarbo ♥

Eg er jo sunnmøring, og sunnmøringar liker
sveler ;) Men sveler kan du nok ikkje klare å
etterlikne likt nok til at du kan få lov å kalle det
sveler. Til det er kveitemjølet for vanskelig
å erstatte her. Men iallefall, surmelkslappar
er dette, og gode vart dei også :)
Desse vil innholde mindre fett og litt meir karber
enn fløtelappane. Fløte pr 100 g: 2,9 g karber og
38 % fett. Surmelk (kefir og kulturmelk) pr 100 g:
4,0 g karber og3,8 g fett.
















Oppskrift til 6-10 lappar, alt etter størrelse:
3 egg
2,5 dl kefir eller kulturmelk
40 g smør
1-1 1/2 ts tagatesse
15 g johannesbrødkjernemel
15 g kokosmel
5 g fiberhusk
1/2 ts natron
1/2 ts hornsalt
-----------------
2,5 dl kefir eller kulturmelk til å 'etterfylle'
(eller du kan prøve med vatn)

Blande egg, surmelk og smelta smør, og bland godt.
Ha so oppi alt det tørre og bland dette godt sammen.
Lat røra stå å svelle 15-20 minutt. Bland so inn
resten av surmelka. Denne røra blir ganske tjukk.
Ha på ei lita ause på ei passe varm steikepanne.
Du må 'trykke' røra litt utover, den flyt ikkje utover.
Bruk ganske svak varme og steik lenge på kvar side,
då blir lappane ganske faste og fine i konsistensen.
 
















Server med creme fraice og feks blåbærsyltetøy.
Lag blåbærsylteteøet sjøl, sunt og godt :)

torsdag 15. mars 2012

Fløtelapper - lavkarbo ♥

Fløtelappar, mmmmm nydelig :)

Oppskrift til 8-10 lappar.
4 egg
2,5 dl fløte
30 g smør
15 g Johannesbrødkjernemel (JBK)
1/2 ts bakepulver (4-5 g)
1/2 ts tagatesse (2,5 ml)
1/2 ts bourbon vanilla (2,5 ml)
1 ts salt (5 ml)
 -------------------
1,5 dl kaldt vatn

Bland først fløte, egg og smelta smør. Ha so oppi
alt det tørre og bland godt. Lat det svelle 15-20 min.
Bland so inn 1,5 dl vatn i røra, so den får passe
konsisten, omtrent som vaffelrøre eller svelerøre.

Steik på steikepanna, med litt smør, ved svak varme.
Ei ikkje for full ause er passe mengde. Heller for 
liten lapp enn for stor.
Steik lenge på kvar side, fleire minutt. Då blir dei
lette å snu. 

Serveres med creme fraice og feks blåbærsyltetøy.
Eg kokar syltetøyet sjøl, og søtar med tagatesse.
20 g tagatesse på 400 g bær. Enkelt og sunt syltetøy.

Mmmmmmmm, nyt :)

lørdag 10. mars 2012

Arme riddere - lavkarbo ♥

En smak av barndommen :)
Arme riddere spiste eg masse i oppveksten.
Enkelt og kjempegodt :)
















3 egg
fløte, ca 1 dl
kardemomme
kanel

Bland godt, og ha det oppi ei flat boks med litt kantar. 



















Legg skivene oppi. Eg har i dag brukt Fedon 
Lindbergs grovbrød, knapt 21 g karber pr 100 g.














Snu skivene..... og lat det trekke godt inni skivene.














Steik skivene i steikepanna med smør, på passe varme.
















Serveres men en klatt creme fraiche og 
heimelaga bringebærsyltetøy, søta med tagatesse.















Ett dryss over med kanel til slutt, mmmmmmm :) 


torsdag 8. mars 2012

Ovnsbakt laks - lavkarbo ♥

En nydelig lakserett, til kvardag og fest :)
4 porsjonar. 


4 fileter fersk laks
150 g raud paprika, i bitar 
100 g gulrot, i små stavar 
100 g purreløk i tynne skiver
ca 5 dl fiskebuljong (0,5 dl vatn, 1 buljongterning)
1 pk fløte og 1 boks creme fraiche
(eller 2 pk fløte)
Safta av 1 sitron
Seltinsalt og pepper

Kok opp vatn og buljong, hell oppi fløte og CF.
Lat dette putre mens resten blir laga til, sånn
at sausen får tjukne litt.













Kutt grønsakene i passe bitar og fres dei i smør, i
steikepanna. 















Steik så laksefiletane i smør på eine sida.

Legg laksefiletane i ei eldfast form. Krydre og press
safta av en halv sitron over laksefiletane. 


Ha over vel halvparten av grønsakene. 
Ha over so mykje saus at det dekker filetane.














Steik i ovnen på 200 grader, ca 30 minutt. 
Ha bakepapir over forma, so ikkje grønsakene
blir brent.
















Ha resten av grønsakene oppi sausen i panna.
Press safta av 1/2 sitron oppi.

Mmmmmmm, kjempegodt :)
Server med kokt brokkoli og blomkål.

mandag 5. mars 2012

Fiskesuppe - lavkarbo ♥

Fiskesuppe; med torsk, reker og krepsehaler.

5-600 g torsk
100-200 g krepsehalar
100-200 g reker
1,25 liter vatn
2,5 fiskebuljongterningar
1 pk fløte
1 boks creme fraiche
2-3 fedd kvitløk
200 g sellerirot
100 g purreløk
100 g gulrot (kan sløyfes)
Safta av 1 sitron
2-3 ts (minst) dill
seltinsalt
pepper

Kok opp vatn og fiskebuljong. Ha oppi fløte, 
creme fraiche og kvitløk (pressa i kvitløkspressa).
Lat dette putre ei stund, minst 30-40 minutt. 
Suppa tjuknar mens den får putre og koke, du
treng ikkje ha oppo noken form for jevning.

Trekk fisken på forhånd (10 minutt i kokande vatn).
Skjer gulrot og sellerirot i stavar og purren i smale
skiver. Steike/surre grønsakene i smør. Haes i gryta
og lat det koke med ei stund. Press sitronsaft oppi.
Ha oppi fisk, krepsehaler og reker rett før servering
i varm suppe. Reker og krepsehaler må ikkje koke,då
blir desse seige.
Salte og pepre etter smak. Ha rikelig med dill oppi.

Server gjerne ei god lavkarboskive til, med smør på.

søndag 4. mars 2012

Iallefall loff :) - lavkarbo ♥

Med utgangspunkt i denne oppskrifta laga
eg i dag desse loffskivene :) Måtte ha meg nokre
skiver til søndagsfrokosten, raskt og enkelt :)

3 egg
10 g BakePro
15 g ketolyse bakemiks
15 g fiberhusk
60 ml vatn

Pisk 2 eggekvitar stive. Visp so resten av egga sammen, 
men ikkje til dosis. Bland det tørre og vatnet sammen
med dei sammenvispa egga. Tilslutt vender du forsiktig 
inn dei stivpiska eggekvitane. Smør røra utover ei
bakepapirkledd steikeplate med en slikkepott.


Steikes på 160 grader, ca 20 minutt.
Ta plata ut av ovnen og snu 'brødet' på ett nytt
bakepapir og trekk av det andre. Avkjøl.
Ca 15 skiver.

Mmmmmm, det vart knallgodt med masse
smør, egg og salt :)) .......

...... og med sjokoladepålegg på mmmmm :)

Desse blir garantert prøvd ut vidare :)

Blåbæris - lavkarbo ♥

Fikk lyst på litt is i går, etter en lang og fin dag i 
hagen. Då var det deilig med is, brownies og kaffe 
ute i solveggen :) Fort gjort med iskremmaskin.


Oppskrifta:
2 egg
2,5 dl kremfløte
20-25 g tagatesse
1 ts bourbonvaniljepulver
ca 100 g blåbær

Pisk egga og litt tagatesse til dosis. Pisk fløte,
resten av tagatessen og vaniljepulveret til krem.
Bland dette sammen. Knekk blåbæra litt og bland
det inni kremen. 













Eg fryser isen min i ismaskin. Min krupsmaskin tar eg
ut av frysen ca 20 minutt før bruk, so isen ikkje frys 
langs med kanten med det samme eg har oppi massen.

Det tar ca 10-15 minutt til isen er fryst :)

Nydelig åleine, eller sammen med feks brownies
og litt varme blåbær:)