søndag 2. oktober 2011

Den aller beste lavkarbopizzaen, mmmm ♥

Mmmmm, deilig pizza, faktisk den beste lavkarbopizzaen 
eg har smakt. Og den som er absolutt enklast å lage :) 
Oppskrifta fant eg hos En Sunn Familie. Opp-ned pizza, 
rett og slett fordi det er meir ost i botnen enn på toppen :)

500 g raspa kvitost
2-3 egg

Blande kvitost og egg. Fordel utover ei bakepapirkledd
plate. Legg plast over osteblandinga, og kjevle for å 
fordele den godt uover heile bakebrettet.

Steik i 10-15 minutt på 200 grader. OBS, pass på 
so det ikkje blir brent.
I lavkarbopizzaer kan det vere ett snev av smak 
som vi ikkje finner i en 'vanlig' pizzabotn. Men 
her var ingen sånn smak, enkelt og greit fordi 
her var ikkje tilsett noke som kunne lage en sånn 
bismak. Pizzaen var berre knallgode. Den som 
ikkje tør prøve denne, fordi det er so mykje ost... 
ja dei går glipp av den beste lavkarbopizzaen ever. 
Eg har herved slutta jakta på den beste lavkarbopizzaen, 
for eg har funne den :) 

Tusen takk til janicke frå 'En SUNN Familie' :)

Pizzafyll kan en ta det en ønsker. Eg hadde i dag
kjøttdeig, løk, paprika, kvitløk og hermetiske, 
skinnfrie tomater og en skvett fløte. Krydra med 
seltinsalt, peppermix, cayennepepper og Toscanakrydder.

Topp med ost.
Steik til osten er gyllen, ca 15 minutt.

La pizzaen stå litt før du skjerer den opp, so botnen 
får 'satt' seg litt.

Velbekomme :)

Karbohydratinnhold i heile pizzaen:
I botnen: omtrent 0,5 g  = 0 i ost og 0,3 g pr 100 g egg,
ca 150 g egg - 0,5 g
I fyllet: kjøttdeig, 0 g.
På en stor pizza brukar eg ca:
ca 150 g paprika - 4,6 g pr 100 g, - 6,9 g
ca 150 g løk - 5,7 g pr 100 g, - ca 8,5 g
10-15 g kvitløk - 16,3 g pr 100 g - 1,6 - 2,5 g.

Totalt i heile pizzaen ca 18 gram.
Karbohydrata i grønsakene er dei gode karbohydrata,
som er viktige å få i seg.Blir uansett ikkje mange 
karbene en får i seg. Med 20 pizzabitar blir det 0,9 g 
karber i kvar bit. Og du klarer maks 4-5 bitar :)

Den var nyyyyyydelig, nam nam :)

3 kommentarer:

  1. Blir så glad av slike tilbakemeldinger :-D Fin blogg du har. Skal titte litt mer her! Ha en fin dag :-D

    SvarSlett
  2. DENNE .....var bare helt nyyyyydelig :))))

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette er den BESTE pizzaen :))

      Slett