Måtte ha ei ny ladning til brødmåltida neste veka.
Dinne gongen vart det bollar, isteden for brød.
Og dei vart knallgode, nam nam :)
Prøvesmaking med heimelaga jordbærsyltetøy :)
Oppskrift til 18 bollar, i silikonmuffinsformer.
Originaloppskrifta fant eg på lavkarbo.no...
eg har berre forandra pitte litt på den.
5 ss fibrex/sukkerroefiber
7 ss Bakepro
4 ts JBK
2 ts bakepulver
1 lita ts tagatesse
1/2 ts seltinsalt
5 ss creme fraiche
4 egg
3 ss rapsolje
100 g kremost naturell
Bland først alt det 'våte', og 'køyr' med stavmiksar.
Bland alt det tørre, og rør det godt inni det 'våte'.
Fordel det i muffinsformene med ei skjei.
Steikes ved 175 grader, ca 20 minutt.
Dette vart virkelig bollar som likna på 'vanlige' bollar :)
Heva seg skikkelig, luftige og flotte :)
Når en lagar bollar i silikonformer, slepper dei formene
kjempelett. Eg kjøpte mine former på Euro pris, og dei
kosta ikkje so masse. Trur det var 49 for 12 former.
Delt i to, klar for smaking, mmmmmmmm :)
