torsdag 15. september 2011

Bacon og grønsaksgrateng med sellerirot - lavkarbo ♥

Nydelig grateng :) 
Sellerirota gjer gratengen fyldig og god.

2 pk kremfløte
300 gram sellerirot
300 gram bacon
3 fedd kvitløk - finhakkes
1 pk brokkoliblanding
litt pepper
Masse ost til topping

Kok kremfløten ca 15-20 minutt åleine, for at
den skal tjukne litt.
Skrell og skjer sellerirota i skiver, som
du igjen skjerer i mindre bitar. Kok sellerirota 
i fløten ca 20 minutt, til den er ganske mør. Ha 
kvitløken oppi samtidig med sellerirota. Krydre 
også med so masse pepper du vil ha. 

Baconet mitt var salt, so eg salta ikkje noke ekstra. 
Skjer bacon i små terningar, som du så sprøsteiker.
 
Ha sellerirot/fløteblandinga i ei eldfast form.
Bland så inn bacon og brokkoliblandinga. Ha
over masse ost. 
Steik i ovnen på 225 grader, ca 30 minutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar