Mmmmmm, eg har laga pizza til kvelds, nam nam :)
Oppskrifta fant eg på det som har blitt/ vil bli min
favoritt lav-karboblogg - LCHF-bloggen :)
Eg begynte å tenke på pizza ut på ettermiddagen i dag,
og hadde funne ei oppskrift på LCHF-bloggen...
men var ikkje heilt sikker.... det finnes ett utall av oppskrifter,
og minst like mange meiningar ;)))
Men... ok eg prøvde eg.... og vart veldig positivt overraska :)
Pizzabotnen var selvfølgelig ikkje 'kveitemjøllettogluftigbotn',
men den var god på smak, hang fint sammen og kunne
spisast uten kniv og gaffel. Den var litt meir porøs enn vanlige
pizzabotnat, men samtidig luftig :) So dette blir min pizza
heretter. Og ein anna fordel med lavkarbopizza er at ting tar
kort tid, fordi hevemiddelet er bakepulver :)
Eg forandra litt på originaloppskrifta; brukte glutenmjøl isteden
for fiberhusk og 2 ss sesamfrø og 1 ss solsikkekjerner.
Oppskrift:
4 egg
4 ss fløte
2 ss olje
1 god ts bakepulver
2 gode ss glutenmjøl
2 dl revet ost
2 ss malte sesamfrø
1 ss malte solsikkekjerner
litt salt
litt oregano
Sett ovnen på knapt 250 grader.
Bland alle ingrediensar i ei skål,
og lat det stå og svelle ca 15 minutt.
Smør utover ei bakepapirkledd steikeplate,
litt større enn Grandiosastørrelse.
Steik til botnen er gyllen, ca 10 minutt.
Ha på det fyllet du vil ha på, og steik vidare til osten
er smelta og litt gyllen.
Ta ut og skjer opp pizzaen og sett den på rist,
då hindrar du at botnen blir for mjuk.
Vel bekomme og nyt :)
Edit 24. mai;
Denne pizzaen var like god oppattvarma også :)
La den på ei rist, ca 200 grader nokre minutt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar