søndag 13. november 2011

Bløtkake - lavkarbo ♥

Då har eg laga mi første lavkarbo-bløtkake,
og den vart knallgode, heilt lik ei vanlig bløtkake :)


6 egg
40 g tagatesse
2 ts bakepulver
3 ts Johannesbrødkjernemel
3 gode ss bakepro

Pisk eggekvitane stive, ha deretter oppi søtinga, og
til slutt piskar du inn ei og ei eggeplomme.Vend
forsiktig inn 'mjølet'. Ha røra oppi ei kakeform.

Eg hadde bakepapir i botnen av forma, då slepp den 
uten problem. So smurte eg litt på kantane med smør.

Steikes på 160 grader i 20 minutt. Ha over bakepapir
dei siste 10 minutta, eller heile tida. 160 grader fordi
tagatesse tåler ikkje høgre temp. Kan steikast på 180-
200 grader om du brukar anna søting, og då kanskje
berre 10-12 minutt. Du må nok også doblemengda om 
du brukar anna søting. Prøv deg litt fram.

Kaka var høg og fin når eg tok den ut av ovnen....


Men som lavkarbokaker flest, seig den litt ihop...


Men den vart fin og høg nok til å dele i to :)
Kan nok også steikast i langpanne, og delast i to.
Går vel fint med ei firkanta bløtkake også :)


Fyll kaka med krem, med heimelaga bringebærsyltetøy.


Stryk ett tynt lag med krem på kaka før pynting.


Pynt etter eget ønske :)


Eg har pynta med bringebær, går fint å tine fryste bær :)


Velbekomme, denne vart knallgode :)


6 kommentarer:

  1. Gir meg ende over!!!! Såg helt ut som en vanlig bløtekake jo, denne her såg faktisk helt nydelig ut:-) Tuuuusen takk for at du delte, det er sååå flott og ha et godt utvalg av lavkarbo kaker og søtsaker!Skal absolutt prøve denne her, jeg baker kun med tagatesse for tiden. Liker så godt smaken det gir, det er liksom umulig og kjenne at kakene/snopet er sukkerfritt:-))

    SvarSlett
  2. :) Det beste her, var at den var knallgod også på dag to og tre, men då var den borte ;))) Kjekt når en treffer sånn som dette, sånn som med suksessterta di også :)

    SvarSlett
  3. Hei
    Flott blogg du har:-) lurer på hva bakepro er og hvor jeg får tak i det?
    Tusen takk for svar.
    Mvh Hanne

    SvarSlett
  4. her kan du lese om bakepro :) Trur du får kjøpt det i alle helsekostbutikkar. Det er eit proteinpulver. Har ikkje funnet noke anna som eg får til å lage så lyst 'bakverk' med. Det er dyrt, men du har det lenge.

    http://www.mamut.net/controls/shop/shops/12/5/productdet.asp?gid=19&subgid=0&wwwalias=funksjonellmat&pid=83

    Du kan lage 'loff' også med dette :)

    http://mariann08matbloggen.blogspot.com/2011/08/mmmm-rekesmrbrd-pa-lchfloff.html

    SvarSlett
  5. Kan man bytte ut bakepro med noe annet? F.eks. mandelmel? Det er ikke helsekostbutikker her.

    SvarSlett