So har eg prøvd ut en til pizza, og den kom eg over
med ei tilfeldighet. Skulle egentlig leite etter ei anna
oppskrift på lavkarbo.no, so dukka plutselig denne
oppskrifta opp. Og eg vart no litt nyskjerrig. Såg litt
spennande ut ;)) Og denne botnen er knallgod :)
Men for at det må vere sagt, her er 'fyllet' aldeles
uviktig ;) Hadde berre pølser, og botnen ville eg prøve.
Veldig greit faktisk, for når du bruka masse fyll
med masse krydder, er det fort gjort å gå glipp av
smaken på det du egentlig prøva ut. Denne botnen
var kjempegod, sjøl med dette enkle fyllet :)
Eg har redusert mengda av olje en del.
0,8 dl olje - 0,3 dl på bakebrettet, resten i deiga.
5 egg
50 g ketolyse bakemiks
0,5 dl vatn
400 g raspa kvitost
kebabkrydder og cayennepepper
Sett ovnen på 170 grader.
Ha bakepapir i ei langpanne, og hell utover oljen.
Strø osten utover bakebrettet, og krydre litt
med kebabkrydder og cayennepepper.
Steikes til osten er sprø, ca 15-20 minutt.
Slå av oljeoverskuddet, ellers blir botnen for feit.
Eg har redusert oljemengda i oppskritfa, so der blir
ikkje so mykje overflødig olje.
Bland dei øvrige igrediensane til ei tynn røre.
Bland den gjerne med miksar eller liknande for å
unngå klumpar. Hell den over den sprø osten.
Steikes til den skiftar farge, ca 10 minutt.
Før du har på fyllet drar du bakepapiret over
på ei rist før du har på fyllet og steiker vidare.
Eg trur at då vil botnen bli meir sprø.
No har du på det fyllet du ønsker... mitt vart som
sagt pølser i dag. Topp med ost.
Eg skrudde opp tempen til 200 grader, og steikte
til osten vart gyllen, ca 15 minutt.
Skjer opp med en gang og avkjøl litt på rist.
På rist, uten bakepapir, beholder botnen sprøheten.
(Denne pizzaen er en liten prøvestørrelse)
Den var forresten like god oppigjen varma,
då varma eg den oppigjen i ovnen, ikkje prøvd
mikro, men pizza i mikro er vel uansett grusomt.
Eg seier berre, nyyyyt - denne var knallgod :)
