onsdag 19. februar 2014

Kokoskonfekt ala Bounty - lavkarbo ♥

En nydelig kokoskonfekt, som er enkel å lage.














Eg har prøvd mange ulike bountyoppskrifter, og mange
av dei har vore tørre. Denne vart saftig og knallgod.

40 g cocosa pure coconut oil
65 g sukrin + eller sweet stevia
1 dl fløte
165 g kokosmelk (den tjukke, kvite kremen)
250 g kokosmasse
eggekvita av ett lite egg

Sjokoladetrekk:  eg brukar Cavalier Milk,
søta med stevia og sukrin.

For å skille den tjukke kokoskremen frå vatnet i kokosmelka,
setter du boksa i kjøleskapet ett par timar.

Ha olje, kokosmelk, fløte og sukrin i ei panne. Ha lav varme på plata.
Rør til alt smeltar og løyser seg opp. Det treng ikkje verte varmt,
det er nok at alt er oppløst.
Ta panna vekk frå plata og bland inn kokosmassa. Til slutt piskar du
eggekvita lett, og blandar det inn i kokosmassa. Fordel massa i ei
bakapapirkledd form. Passe mengde til ei form på ca 20 x 30 cm.
Sett forma i frysaren en time eller to.














Del den fryste massa i passe bitar, og dypp bitane i smelta sjokolade.
Smelte sjokoladen sakte i vannbad, og lat den kjølne litt før du dyppar bitane.
Oppbevar bitane i ei tett boks enten i kjøleskap eller i frysaren.

En kan også oppbevare  kokosbitane i frysaren uten sjokolade,
og dyppe dei i sjokolade når dei skal spisast.
















Nyt en god konfektbit.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar