søndag 4. desember 2011

Viltgryte - lavkarbo ♥

Nydelig middag i dag, viltgryte meg elgkjøtt,
med sellerirotmos og tyttebærsyltetøy :)

ca 3-400 g elgkjøtt
ca 150 g sjampinjong
1/2 gulløk
ca 3 dl vatn
1 buljongterning, kjøttkraft
1 dl creme fraiche
1 ts tyttebærsyltetøy eller ca 20 g bær.
2 einerbær
salt og pepper
Eg brukte også pitte litt JBK som tykningsmiddel,
3-4 ml kanskje.
Kok opp vatn og buljong. Brun kjøttet i godt brunt
smør, det skal brunast og ikkje koke. Brun litt i gongen.
Brune så soppen, ta også litt og litt av den, då trekker
den ikkje til seg so masse av smøret. Salte og pepre 
den litt. Her også må smøret vere skikkelig varmt. 
På slutten brunar du også løken ilag med soppen. 

Ha kjøtt, sopp og løk oppi buljongvatnent, lat det koke
nokre minutt, før du tilsetter creme fraiche. Lat det koke
ei stund til. Det vil tjukne litt etterkvart. Om du ikkje 
klarer å vente kan du, som eg i dag, røre litt JBK
(Johannesbrødkjernemel) oppi. men ver forsiktig å 
ikkje ha oppi for mykje. 

Einerbæra kan du knuse mellom 2 skjeer, om du ikkje 
har morter. Kanskje hakke dei litt med kniv også. Ha også 
oppi 1 ts tyttebærsyltetøy eller heile bær. 
Salte og pepre til slutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar