mandag 21. mai 2012

Gelekake - lavkarbo ♥

17. mai-kaka mi i år vart ei gele-kake, mmmm kjempegod :)


Botnen:

6 egg
40 g tagatesse
2 ts bakepulver
3 ts Johannesbrødkjernemel
3 gode ss bakepro

Pisk eggekvitane stive, ha deretter oppi søtinga, og
til slutt piskar du inn ei og ei eggeplomme.Vend
forsiktig inn 'mjølet'. Ha røra oppi ei kakeform.

Eg hadde bakepapir i botnen av forma, då slepp den 
uten problem. So smurte eg litt på kantane med smør.

Steikes på 160 grader i 20 minutt. Ha over bakepapir
dei siste 10 minutta, eller heile tida. 160 grader fordi
tagatesse tåler ikkje høgre temp. Kan steikast på 180-
200 grader om du brukar anna søting, og då kanskje
berre 10-12 minutt. Du må nok også doblemengda om 
du brukar anna søting. Prøv deg litt fram.

Kaka var høg og fin når eg tok den ut av ovnen,
men den vil alltid sige litt i hop.... men det
er ikkje noke problem å dele den i to lag :)

Fyll kaka med ett lag heimelaga vaniljekrem, og ett 
lag piska krem, av ca 1,5 dl fløte og 1/2 ts tagatesse
 
Vaniljekrem:

1,25 dl fløte
4 eggeplomma
1 ts bourbon vanilje
ca 20 g tagatesse

Bland dette i panne og varm opp under omrøring heile tida.
Det vil tjukne ettersom det blir varmt.
Avkjøl i kjøleskap.

Ta så 1,25 dl fløte og pisk til krem, og bland med den
avkjølte egge/fløteblandinga, pisk den også lett opp når
den er kald. Voila, nyyyydelig vaniljekre.

Lat den gjerne stå ei stund i kjøleskapet når den er
ferdig blanda før du har den på kaka. 
 
Når du har fylt kaka, og hatt på ett tynt lag med
krem og evnt. pynta med bær, lagar du en ring av 
bakepapir, og festar tett rundt kaka. Eg festar
med knappenåler. Pass på so det er tett, so ikkje
geleen glir av kaka ;)
 
Gele:
5 dl passe sterk funlight-saft,
ca 1 dl saft og 4 dl vatn.
6 plater gelantin. 
 
Varm opp safta, og rør ut gelantinplatene.
Avkjøl den til den er passe stiv, før du heller
den på kaka. Sett i kjøleskap til den stivnar heilt.


Når geleen er stiv, tar du av bakapapirringen og pyntar
kaka med piska krem og bær.





So er det berre å nyyyyte :)
Denne kaka er like god dagen etter, og dagen etter :)
 
 
Vel bekomme :)

2 kommentarer:

  1. Hvor kjøper du bourbonvanilje?

    SvarSlett
    Svar
    1. Du får kjøpe bourbonvanilje på alle helsekostforretninga :)

      Slett