søndag 6. mai 2012

Pannekake og tortillalefse - lavkarbo ♥

Då er det på tide å blogge eksperimenteringa mi,
nemlig pannekake og tortillalefse :)
Det var ett absolutt vellykka eksperiment.





Pannekaker/ Tortillalefse
3 egg
30 g ketolyse bakemiks
1 lita ts fiberhusk
0,5 dl fløte
0,75 dl vatn

Pisk egga, og visp inn bakemiks og fiberhusk.
Bland til slutt inn fløte og vatn, lat blandinga stå 10-15
minutt. Røra skal vere lik ei vanlig pannekakerøre.
Pisk den litt før du begynner å steike.
Røra her er nok til 5 pannekaker.

















Ei lita ause på steikepanna, på middels varme.
Ha smør i steikepanna. Vend steikepanna so du
får røra utover. Dei er lette å snu :)



















Eg oppbevarte dei i en håndduk mens eg steikte,
sånn at dei skulle holde seg mjuke.
















Nytes som pannekake med feks steike bacon og blåbærsyltetøy.
Eller med Sukrin+, som egnar seg veldig godt som strøsukker.


























Skal du bruke pannekakene som tortillalefse, rullar du
dei inn i handduken, gjerne med matpapir/bakepapir
mellom lefsene og legg dei i en
plastpose. oppbevar dei i kjøleskapet.













Eg varma dei ikkje opp før eg brukte dei som lefser,
det var ikkje nødvendig.

Dei var kanskje litt skjøre, men smaken var veldig god,
kanskje fordi dei var smaksnøytrale. So fikk dei ikkje det
litt seige konsistensen som dei får dei eg har steikt i ovnen.
Det er kanskje lettast å spise om du rullar lefsene,
og ikkje brettar dei som eg gjorde.
Men no var mine ganske overfylte då, kanskje ikkje
nødvendig det heller ;))

































Tusen takk for mat, dette var godt :)

2 kommentarer:

  1. hei Mariann :)
    Kan jeg bruke noe annet istedenfor ketolyse bakemix?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har prøvd masse rart som tortilla-lefser, noke bra og noke mindre bra. Ketolyse bakemiks er smaksnøytralt og eg veit ikkje om noke som er so smaksnøytralt. Men du kan selv prøve med fettredusert mandelmel, bakepro og evnt kokosmel (då vil du få kokossmak, og den vil ikkje egne seg so godt som tortillalefse). noke anna kjem eg ikkje på. Ei boks, som du har lenge, får du på helsekost til under 150 kr :)

      Slett