søndag 28. april 2013

Fløtegratinert klippfisk - lavkarbo ♥

Dette har eg tenkt på å lage lenge, og jammen var det godt.
Og veldig enkelt å lage, en må berre tenke på det dagen i forveien.
For klippfisken må leggast i vatn.

















Til ei form, 4-5 porsjonar.

400 g klippfisk

Denne brukte eg, vatna den ut 14-15 timar, skifta vatn en gong.




















Ei stor sellerirot
Knapt 2 pk fløte
3-4 gode ss creme fraiche
3-4 fedd kvitløk
salt og pepper

2-300 g bacon, i terningar

Dei grønsakene du ønskar, eg brukte blomkål og brokkoli

1. Legg klippfisken i vatn kvelden før


















2. Trekk klippfisken i vatn - 10-15 minutt.

3. Kutt sellerirota i skiver. Ha fløte, cf og kvitløk (pressa eller
finkutta) i ei panne. Koke det opp, og ha i sellerirota. Lat dette
putre til sellerirota er mør, og fløten har fått tjukne en del.
Det kan godt vere bra med fløte her, for vi vil ikkje at fisken
skal bli tørr.
Om du vil, kan du ause opp litt av fløten og vispe inn ett egg
eller to og tilsette dette igjen rett før du slår sellerirot og fløte
klippfisk i forma. Det må ikkje koke i panna etter at egga
er tilsett.

4. Legg klippfisken i botnen på forma.
















5. Slå sellerirota over fisken.














Steikes ca 30 minutt på ca 200 grader.

Mens du ventar på forma i ovnen, steiker du baconterningane.

Velbekomme.


















2 kommentarer:

  1. Timian er også en god krydder i denne rettene

    SvarSlett
  2. Micro Hair Trimmer - TITanium - TITanium Entertainment
    Our Micro Hair Trimmer is designed titanium wheels for the latest samsung watch 3 titanium and ceramic vs titanium flat iron greatest hair titanium trimmer trimmer! We have titanium scrap price been designed specifically for the most mature and best suited for the

    SvarSlett