onsdag 4. april 2012

Valnøttmarsipan - lavkarbo ♥

Då har eg laga knallgod marsipan, av valnøtter :)













Dette er andre forsøk, og eg er fornøgde. På
første forsøk malte eg valnøttene med stavmiksar,
og massen vart alt for feit. Det beste er å male
nøttene med kvern, då blir ikkje feitt frigitt på
samme måte.















Denne marsipandeiga vart smidig og knallgod å
jobbe med. Lett å trille ut i pølser og til kuler.







Trur det er viktig å vere veldig nøyaktig med vekt,
om en skal ha ett godt resultat her.

Oppskrift til ca 250 g ferdig marsipan,
som gir 30 passe små kuler:




















155 g valnøtter, malt på fin innsats med TW-kvern
52 g eggekvite
30 g tagatesse
1 ts vaniljesukker
1/2 ts tragant

Bland alt det tørre sammen, før du blandar inn
eggekviten. Kna til ei smidig deig. Du kan godt la
deigen få ett opphold i kjøleskapet, innpakka i plast,
før du lagar kuler. Men det er ikkje nødvendig.

Sjokoladetrekk til denne porsjonen er knapt 50 g,
eg brukte 70 % sjokolade.
Eg smelta den i mikro. Men den kan selvfølgelig
smeltes over vannbad også.

Når eg dyppar kulene i sjokolade, er denne
potetgaffelen ett perfekt redskap. Kjøpte den på
Til Bords, for 69 kr.














Lat sjokoladen dryppe av før du legger kulene til
'tørk'.




















La kulene ligge ei stund i kjøleskapet før du legger
dei i ei boks, for oppbevaring i kjøleskapet.
















Då er påskemarsipanen klar :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar