søndag 19. februar 2012

Fastelavensbollar med vaniljekrem og krem - lavkarbo ♥

Å herlige tid for nokre nydelige bollar :)
















Vaniljekrem:

1,25 dl fløte
4 eggeplomma
1 ts bourbon vanilje
ca 20 g tagatesse

Bland alt i panne og varm opp under omrøring heile tida.
Det vil tjukne ettersom det blir varmt.
Om du ikkje får det tjukt nok, kan du ha oppi ei eggeplomme
til. Det vil bli tjukt nok. Kjøl ned i kjøleskap.

Om du vil bruke vaniljestang isteden for vaniljepulver
(har ingenting å seie for smaken), lar du stanga ligge å trekke
i fløten før du har oppi eggeplommane. Ta ut stanga før
du har oppi eggeplommane. Eller du kan bruke frøa, som
du skrapar ut av vaniljestanga.
Men det enklaste er å bruke vaniljepulver, det svarte (bourbon).

Oppskrift på bollar:
Oppskrifta fant eg hos 'Fristende lavkarbo' :)
Eg har berre gjort måla om til gram, der det er mulig.
Då blir oppskriftene meir nøyaktige syns eg :)

4 egg 
35 g tagatesse
50 g smør
1 dl fløte
60 g kokosmel
10 g bakepulver
35 g fiberhusk
1 ts (5ml) kardemomme

Visp egg og tagatesse til eggedosis.

Mål opp alt det tørre.

Smelt smør, og ta panna frå plata - hell oppi fløten.

Ha fløte/smør i eggedosisen og bland godt.

Ha alt det tørre oppi det våte, og visp godt sammen
Lat det stå og svelle ca 10 minutt.
Sett ovnen på 160 grader.

Ha våte fingrar når du trillar bollane, då blir det 
lettare å trille runde, fine bollar.
9 små bollar får du av denne oppskrifta.
Dei hevar litt under steiking. 160 grader, 18-20 minutt.

Til avkjøling.

Mmmmmm, dei luktar godt :)

Og smakar himmelsk, dette var bollar - JIPPI :)

2 kommentarer:

  1. Hei ;))
    Kjempefin blogg .... Denne oppsktifta må en vel prøve.. Trur du den kan være god til andre ting som foreksempel skaldyr attistaden for loff???

    SvarSlett
    Svar
    1. Bllane har jo smak av kokos, og det er vel ikkje so godt til skalldyr. Men prøv denne du, knallgod lof til reker :) http://mariann08matbloggen.blogspot.com/2011/08/mmmm-rekesmrbrd-pa-lchfloff.html

      Slett