onsdag 23. mai 2012

Dressing - lavkarbo ♥

En enkel og kjempegod dressing til grillmaten.

















Til ca 2,5 dl ferdig dressing treng du:

1,5 dl tyrkisk yoghurt
0,5 dl rømme
1-2 fedd kvitløk - pressa eller finhakka
1 sprut med sitronsaft
1/2 ts tagatesse
1-2 ts finhakka gressløk
salt og pepper

Bland alt sammen godt, og lat det stå ei stund
før dressingen skal brukes.
Frisk og god :)

mandag 21. mai 2012

Gelekake - lavkarbo ♥

17. mai-kaka mi i år vart ei gele-kake, mmmm kjempegod :)


Botnen:

6 egg
40 g tagatesse
2 ts bakepulver
3 ts Johannesbrødkjernemel
3 gode ss bakepro

Pisk eggekvitane stive, ha deretter oppi søtinga, og
til slutt piskar du inn ei og ei eggeplomme.Vend
forsiktig inn 'mjølet'. Ha røra oppi ei kakeform.

Eg hadde bakepapir i botnen av forma, då slepp den 
uten problem. So smurte eg litt på kantane med smør.

Steikes på 160 grader i 20 minutt. Ha over bakepapir
dei siste 10 minutta, eller heile tida. 160 grader fordi
tagatesse tåler ikkje høgre temp. Kan steikast på 180-
200 grader om du brukar anna søting, og då kanskje
berre 10-12 minutt. Du må nok også doblemengda om 
du brukar anna søting. Prøv deg litt fram.

Kaka var høg og fin når eg tok den ut av ovnen,
men den vil alltid sige litt i hop.... men det
er ikkje noke problem å dele den i to lag :)

Fyll kaka med ett lag heimelaga vaniljekrem, og ett 
lag piska krem, av ca 1,5 dl fløte og 1/2 ts tagatesse
 
Vaniljekrem:

1,25 dl fløte
4 eggeplomma
1 ts bourbon vanilje
ca 20 g tagatesse

Bland dette i panne og varm opp under omrøring heile tida.
Det vil tjukne ettersom det blir varmt.
Avkjøl i kjøleskap.

Ta så 1,25 dl fløte og pisk til krem, og bland med den
avkjølte egge/fløteblandinga, pisk den også lett opp når
den er kald. Voila, nyyyydelig vaniljekre.

Lat den gjerne stå ei stund i kjøleskapet når den er
ferdig blanda før du har den på kaka. 
 
Når du har fylt kaka, og hatt på ett tynt lag med
krem og evnt. pynta med bær, lagar du en ring av 
bakepapir, og festar tett rundt kaka. Eg festar
med knappenåler. Pass på so det er tett, so ikkje
geleen glir av kaka ;)
 
Gele:
5 dl passe sterk funlight-saft,
ca 1 dl saft og 4 dl vatn.
6 plater gelantin. 
 
Varm opp safta, og rør ut gelantinplatene.
Avkjøl den til den er passe stiv, før du heller
den på kaka. Sett i kjøleskap til den stivnar heilt.


Når geleen er stiv, tar du av bakapapirringen og pyntar
kaka med piska krem og bær.





So er det berre å nyyyyte :)
Denne kaka er like god dagen etter, og dagen etter :)
 
 
Vel bekomme :)

tirsdag 8. mai 2012

Oppnedkake - lavkarbo ♥

Favorittkaka mi i oppveksten var oppnedkake.
Har ikkje spist den på mange år, men no har eg
laga en lavkarboversjon av den, og den vart
virkelig knallgod :)












Botnen på kaka, som blir toppen:
125 g hasselnøtter - hakka i mindre bitar
50 g smelta smør
35 g tagatesse

Ha smør og nøtter i ei panne og bland sammen, mens
smøret smeltar. Ha oppi tagatessen når smøret er smelta
og bland sammen. avkjøl litt og ha det oppi ei
bakepapirkledd lita, rund form ( 24 cm ). Legg også ett
bakepapir på bakebrettet, for her kan det renne litt smør.

















Kakerøra:
4 eggekvitar
65 tagatesse
135 g hasselnøtter - finmales
2 ss smør - smelt
15 g bakepulver

Pisk stiv eggekvitane og ha oppi tagatessen, og pisk
litt til. bland så inn oppmalte nøtter og bakepulver.
bland til slutt inn det smelta smøret.
Hell røra over nøtteblandinga.

Steikes på 160 grader, ca 35 minutt. Ha over ett
bakepapir, so ikkje kaka blir brent.

Ta ut kaka og avkjøl den litt på rist.
Snu den på ett anna bakepapir og løsne nøttebotnen
frå bakepapiret, du må kanskje hjelpe til litt med en kniv.

La kaka bli heilt avkjølt før du deler den i to lag med en
skarp kniv.
legg den nederste delen på ett kakefat og ha på
vaniljekrem.











Edit 9. mai:
Eg har forandra oppskrifta på vaniljekremen :)
Vaniljekrem:

1,25 dl fløte
4 eggeplomma
1 ts bourbon vanilje
ca 20 g tagatesse

Bland dette i panne og varm opp under omrøring heile tida.
Det vil tjukne ettersom det blir varmt.
Avkjøl i kjøleskap.

Ta så 1,25 dl fløte og pisk til krem, og bland med den
avkjølte egge/fløteblandinga, pisk den også lett opp når
den er kald. Voila, nyyyydelig vaniljekre.

Lat den gjerne stå ei stund i kjøleskapet når den er
ferdig blanda før du har den på kaka.
Legg toppen på kaka opp på vaniljekremlaget, med nøttene opp.














Server og nyt, ei nydelig kake :)


søndag 6. mai 2012

Pannekake og tortillalefse - lavkarbo ♥

Då er det på tide å blogge eksperimenteringa mi,
nemlig pannekake og tortillalefse :)
Det var ett absolutt vellykka eksperiment.





Pannekaker/ Tortillalefse
3 egg
30 g ketolyse bakemiks
1 lita ts fiberhusk
0,5 dl fløte
0,75 dl vatn

Pisk egga, og visp inn bakemiks og fiberhusk.
Bland til slutt inn fløte og vatn, lat blandinga stå 10-15
minutt. Røra skal vere lik ei vanlig pannekakerøre.
Pisk den litt før du begynner å steike.
Røra her er nok til 5 pannekaker.

















Ei lita ause på steikepanna, på middels varme.
Ha smør i steikepanna. Vend steikepanna so du
får røra utover. Dei er lette å snu :)



















Eg oppbevarte dei i en håndduk mens eg steikte,
sånn at dei skulle holde seg mjuke.
















Nytes som pannekake med feks steike bacon og blåbærsyltetøy.
Eller med Sukrin+, som egnar seg veldig godt som strøsukker.


























Skal du bruke pannekakene som tortillalefse, rullar du
dei inn i handduken, gjerne med matpapir/bakepapir
mellom lefsene og legg dei i en
plastpose. oppbevar dei i kjøleskapet.













Eg varma dei ikkje opp før eg brukte dei som lefser,
det var ikkje nødvendig.

Dei var kanskje litt skjøre, men smaken var veldig god,
kanskje fordi dei var smaksnøytrale. So fikk dei ikkje det
litt seige konsistensen som dei får dei eg har steikt i ovnen.
Det er kanskje lettast å spise om du rullar lefsene,
og ikkje brettar dei som eg gjorde.
Men no var mine ganske overfylte då, kanskje ikkje
nødvendig det heller ;))

































Tusen takk for mat, dette var godt :)

onsdag 2. mai 2012

Grateng med kjøttdeig, bacon og sopp - lavkarbo ♥

Detter er en rett med det eg fant i kjøleskapet.
greit å få tømt litt av og til ;)

ca 250 g sellerirot, kutta i tynne stavar
1/2 gulløk, ca 75 g
ca 150 g bacon, kutt i små bitar
ca 3-400 g kjøttdeig
150 g sopp, kutt i passe bitar
3 fedd kvitløk, finkutt eller bruk presse
2,5 dl fløte
150 g creme fraiche
100 g smøreost
salt og pepper (evnt anna krydder)
smør til steiking
ost til topping

Serveres med en god salat.
















Brune sellerirot og løk..... Ha oppi forma etterkvart....



Brune kjøtteig, oppi forma med det.....

 



Brune bacon, oppi forma......



Brune sopp, oppi forma........















Bland alt sammen ilag..........
















Bland fløte, CF, smøreost, kvitløk og krydder....
ha det oppi forma og bland.

 

Topp med ost........





















Steik på 200 grader, ca 30 minutt.