Viser innlegg med etiketten lavkarbosaus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lavkarbosaus. Vis alle innlegg

torsdag 14. februar 2013

Kylling, surra i serranoskinke - lavkarbo ♥

Når kyllingen blir steikt på denne måten, får den en veldig
god smak frå seranoskinka, og den blir saftig og mør :)

















3-4 porsjonar.
















Kyllingen:

4 stk kyllingfiletar
2-3 serranoskinkeskiver til kvar filet
Smør til steiking
Bitte litt med salt (egentlig ikkje nødvendig)

Sausen:

200 g sellerirot
2-3 fedd kvitløk
1 beger kyllingfond (til 0,5 liter væske)
2 ts tomatpuré
ca 3 dl fløte
ca 2 dl vatn (Spe på med meir om det er nødvendig)
ca 100-150 g paprika

Grønsakene:

1 stor paprika
1 stor løk
1 boks babymais
1 blomkål
1 brokkoli

 














Først kyllingen: skjer vekk det som er litt stygt på kyllingfileten.
Strø ørlite salt på kyllingen (er kanskje ikkje nødvendig),
surr så 2-3 serranoskinkeskiver rundt kvar kyllingfilet.
Pass på at skøyten er ned. Ha smør i ei steikepanne med
middels varme. steik so vidt på kvar side av filetane. Legg
filetane i ei eldfast form og slå over steikesmøret frå
steikepanna, sett forma i ovnen. 150 grader, ca 40 minutt.
Ta dei så ut, legg over aluminiumsfolie og lat dei kvile til
resten av maten er ferdig, 10-15 minutt.

















Så sausen: Kutt opp ca 200 g sellerirot i terningar og kok det godt
mørt i vatn, ca 20 minutt. Slå vekk kokevatnet. Moses godt
med stavmikser. Tilsett kvitløken, pressa i kvitløkspresse
eller finhakka. Ha også opp i kyllingfonden, tomatpuré,
fløte og vatn. Finhakk paprika og ha oppi ei stund før den
er ferdig kokt. Sausen kan putre heilt til den skal serverast.

Og så grønsakene: Forkok blomkål og brokkolibukettar, 4-5 minutt.
(Det kan du gjere samtidig som du kokar sellerirota til sausen)
Kutt løk og paprika i passe store bitar.
Steik så  alle grønsakene i passe varm steikepanne eller wok,
med smør. På slutten av steiketida slår du smøret/skya frå kyllingen
over grønsakene, for å sette god smak.

Enkel og god rett. Og det treng ikkje ta so lang til å tilberede ett
måltid frå grunnen av, om du planlegger skikkelig :)
Dette lager du på en liten time.

fredag 10. februar 2012

Brun saus, jevna med sellerirot - lavkarbo ♥

Då har eg prøvd ut den nye sausejevnaren min
på brun saus - JIPPI, det vart skikkelig brun saus :)
Sellerirot er berre fantastisk, og allsidig :)

Oppskrift på brun saus:

100 g sellerirot, kutta i terningar
2,5 dl vatn
Kok sellerirota mør i vatnet, ca 15 minutt.
Mos med stavmiksar.

Ha oppi ca 2,5 dl kraft frå kjøttet du har steikt,
og ca 0,25 dl kremfløte.
Salt og pepper, om det er nødvendig.
Pitte litt Worcestershiresauce
5 dråpar sukkerkulør, om du ønskar sausen brun.

Brun saus, her servert til kotelett,
sopp/paprika/løk-stuing og brokkoli/blomkål.

Sopp/paprika/løk-stuing:

Sjampinjong, raud paprika, shalottløk. Del soppen i 
skiver, og steike den først. Brune litt og litt i varm olje, ha 
deretter i smør, og la det sure litt i smøret. Salte og pepre. 
Brune paprika og løk, som du først har delt i mindre 
bitar. Ha over rømme og lat det putre litt. Ha oppi den 
ferdig bruna soppen. Salte og pepre om det trengs.

tirsdag 7. februar 2012

Nyyydelig saus, til feks kylling - lavkarbo ♥

Mmmmm, en skikkelig god saus til steikt kylling :)

Har tenkt ei stund på jevning til sausa. Eggeplomme, 
JBK, fiberhusk.... men eg er ikkje heilt fornøgde med 
dei... Siste dagane har eg tenkt litt annerledes, og i dag 
har eg prøvd :) Og det var både godt og smart det. Eg 
kokte og 'mosa sellerirot :) Enkel og ganske 
smaksnøytral jevning til saus. 

Denne sausen vart litt lik Bretagne kyllingsaus, og det
var nettopp den eg hadde i tankane i dag.

Oppskrift:
100 g sellerirot i terningar
2,5-3 dl buljong eller kraft
2 fedd kvitløk (passa til denne sausen)

2-2,5 dl fløte
ca 75 g paprika kutta i små bitar
1 ts tomatpure
salt, pepper og paprikapulver

Kok sellerirot (og kvitløk) mørt i buljongen, 
ca 15 minutt.

Mos det med stavmikser.

Ha så oppi fløte og tomatpure og paprikabitane. Lat 
det putre ett par minutt. Smak deg til med krydder.
















Knallgod saus til steikt kylling og steikte/woka grønsaker.
(blomkål/brokkoli fikk ett oppkok i vatn først)

Mmmmm, en aldeles nydelig saus. Velbekomme :)

Mosa sellerirot som sausjevner vil eg prøve til mange 
fleire sausar.

tirsdag 15. november 2011

Snaddermat med svin - lavkarbo ♥

Deilig middag i dag, ytrefilet av svin med tilbehør :)

Ganske enkelt, men nyyydelig godt var det :)

Masse sjampinjong (ja eg som ikkje likar sjampis,
syns dette vart godt.... kanskje har eg blitt voksa hihihi)
løk, paprika og babymais.. svinekjøtt.. og ei boks rømme,
vips so har du ett nydelig måltid.

Har du to steikepanner er det veldig greit, men ikkje ett
must altså. Steik (eg likar det marinert) kjøttet i 
små terningar. Samtidig steiker du den oppskiva soppen
i masse meierismør ( i panne nr 2) eg likar den godt steikt. 
Salte og pepre soppen

Når den er ferdig steikt, steiker du løk, paprika og babymais.
Samtidig tar du kjøttet på tallerkenen, og heller rømma
oppi steikefettet frå kjøttet. Smak om du trenger å 
krydre litt. Trenger berre so vidt å koke. Dette er den enklast
og beste sausen som fins til steikt kjøtt :)

Velbekomme :)

tirsdag 4. oktober 2011

Nydelig middag, med kantarell og asparges - lavkarbo ♥

Gourmetmiddag i dag, nam nam :)


Nakkekoteletter med nydelig tilbehør.
Sellerirot/blomkålmos, nydelig som poteterstetter :)
Fløtesaus, får lyst å slikke fatet reint :)
Steikte kantareller, det var knallgodt :)
Steikt paprika, løk og asparges, har ikkje smakt 
asparges før, det var jammen på tide, nam nam :)
So selvfølgelig surkål og tyttebærsyltetøy.

Tilbered kantareller:
Varm rapsolje i steikepanna, hadde oppi kantarellane, 
som eg hadde delt i to.


La dei ligge i ro ei stund å steike. Ha på en klatt med 
smør etter ei stund og rist så godt i steikepanna. 

 
Rør forsiktig i kantarellane. Salte og pepre.

Tilberede Asparges:
Varm rapsolje i steikepanna, ha oppi paprika, løk og asparges.


Steikes i oljen ei lita stund. Ha på smør, samt salte og pepre litt.

torsdag 29. september 2011

Nakkekotelett med sellerirot/blomkålmos og en nyyydelig fløtesaus - lavkarbo ♥

En nyyydelig middag i dag :)
Nakkekotelett med perfekt tilbehør.

Foruten grønsaker, tyttebærsyltetøy og surkål...
so laga eg ein nydelig sellerirot/blomkålmos,
og en nydelig fløtesaus, nam nam :)

Sellerirot/blomkålmos (stor porsjon)
3-400 g sellerirot
ca 2 dl fløte
1 blomkål
seltinsalt
pepper
2-3 ss meierismør

Rensk og skjer i sellerirota i terningar
Haes oppi ei panne og slå oppi fløta, til det so vidt
dekker sellerirotterningane. Kok opp og lat det koke
til sellerirota er mør.
Kok blomkålet i bukettar, i lettsalta vatn. Kok det mørt.
Ha det oppi ilag med sellerorota. Mos det med stavmiksar 
og bland inn smøret. Ha i passe med salt og pepper.

Fløtesaus:
3 dl fløte
litt av steikeskya (frå steikepose)
en skvett med worchestershiresaus
en skvett soyasaus
litt salt og pepper
og min utskeielse i matlaginga er bittelitt brunost i sausen ;o)
1 eggeplomme til å jevne sausen med

Blande alt i ei panne (untatt eggeplomma), og lat det 
koke ei lita stund. Rør så inn eggeplomma og varm sausen,
men ikkje la den koke etter at egget er hatt oppi..

Kotelettane gav eg ei rask runde i steikepanna, salta og 
pepra litt.
Steikte så kotelettane i ein steikepose.
45 minutt i ovnen, på 200 grader.

Mmmm, velbekomme :)

søndag 28. august 2011

Fløtesaus til bl.anna svinekjøtt - lavkarbo ♥

Mmmmmm, i dag har eg spist den beste
middagen ever :) En sånn middag der det
er vanskelig å gi seg ;))

Dagens meny:
Ytrefilet av svin, 
fløtegratinert sellerirot (oppskrift finn du her)
steikt løk og paprika 
nydelig fløtesaus

Sausen:
ca 2 ts meierismør
en skvett med fløte
ca 2 ts creme fraiche
steikesky frå steikepanna
1 eggeplomme
en pitte liten skvett Worchestershire sauce
seltinsalt
pepper
(so skal eg innrømme at eg hadde oppi 
en bitte liten bit med brunost)

Smelte smøret og ha oppi fløten. Varm opp, og rør 
inn eggeplommen. OBS!! sausen må ikkje koke. 
Ha så oppi resten av ingrediensane og varme sausen 
til den tjuknar pga eggeplomma. Denne sausen var 
FARLIG GOD :) Trur en av dei beste eg har smakt :)

Ytrefileten låg i Allround-marinade i nokre timar før 
steiking. Eg skar den i passe tynne skiver og steikte den 
på forholdsvis lav varme. Vart veldig møre kjøttstykker,
nam nam.

Eg steikte en passe porsjon med løk og paprika i restane
av steikesky etter kjøttet til dei var so vidt møre.

Om dokke lure.... ja dette var middagen over alle 
middager :) Sausen var spesielt god.
Skulle gjerne ha slikka fatet reint, men eg må jo lære 
tausa i huset gode manerer..... hihihi

Og OBS OBS, du behøver IKKJE å spise lavkarbokost 
for å lage denne retten altså. Du går glipp av ett
gourmetmåltid om du lar vere :)

lørdag 27. august 2011

Hot pizzasaus - lavkarbo ♥

Heimelaga pizzasaus, hot og god :)
Nyyydelig på lavkarbopizza, nam nam.

Ei boks Landlord skinnfrie/flåede tomater (1,5 g karber)
2 fedd kvitløk, finhakka eller gjennom kvitløkspresse
1/2-1 ts minched hot chili
(Blue Dragon 84% chili)
Cayennepepper
Kebabkrydder
oregano
paprikapulver
seltinsalt
En liten skvett fløte om du vil
Mengder er ei smakssak.

Ha alt sammen (untatt fløteskvetten),
i steikepanna og la det putre...

La det stå å putre til masse av fuktigheta har fordampa.
Dårlig bilde, men det har blitt en saus å smøre på pizzaen.
Rett før det er ferdig å koke har du oppi litt fløte,
om du syns den treng en liten touch.

For å få ein heilt glatt saus kan du bruke stavmikser.
Strykes utover pizzaen.

Pizzabotnen vart sprø og god i dag, fordi eg steikte den 
på rist etter eg hadde hatt fyllet på.
I dag hadde eg foruten ost: pepperoni, paprika og løk.

Men det var den hotte pizzasausen 
som virkelig gjorde susen i dag














Hadde også kebabdressing oppå.
Jummmm jummmm, nyyydelig pizza :o)

fredag 26. august 2011

Kebabsaus - lavkarbo ♥

Marinert kylling med kebabsaus,
mmmmmmmmmmm ♥

Rester av gårsdagens dressing har blitt 
varma til saus. Og var dressingen i går god, 
so var sausen i dag nyyyydelig, mmmmm ♥

Oppskrift som på dressing:

1/2 beger seterrømme
1/4 dl majones
1/4 ts minched hot chili
(Blue Dragon 84% chili)
1/4 ss ketchup
2 fedd kvitløk - finhakka
1/4 ts cayenne pepper
3/4 ts kebabkrydder
1/2 ts oregano
1/2 ts paprikapulver
Alt her er ca mengder. 

Ha alle ingredienser i ei skål og blande godt sammen.
Varme sausen opp, den trenger ikkje koke.

torsdag 25. august 2011

Marinert kylling med kebabdressing - lavkarbo ♥


Nydelig middag i dag :)

Kyllingbitar marinert ett par timar (iallefall) 
i rapsolje med:
kebabkrydder
paprikapulver
cayennepepper
kvitløk
oregano
seltinsalt

Steikes med ikkje alt for varm steikepanne,
i marinadeoljen.

Kebabsausen/dressingen:

1/2 beger seterrømme
1/4 dl majones
1/4 ts minched hot chili
(Blue Dragon 84% chili)
1/4 ss ketchup
2 fedd kvitløk - finhakka
1/4 ts cayenne pepper
3/4 ts kebabkrydder
1/2 ts oregano
1/2 ts paprikapulver
Alt her er ca mengder.

Lag ei lita stund før servering,
sånn at smaken får 'sette' seg.
Kan oppbevarast ei stund i tett boks i kjøleskap.
Denne dressingen kan du også varme opp 
til kebabsaus, 

En enkel salat:

Isbergsalat
paprika
agurk

Vel bekommmmmme og nyyyyt :)