fredag 10. februar 2012

Brun saus, jevna med sellerirot - lavkarbo ♥

Då har eg prøvd ut den nye sausejevnaren min
på brun saus - JIPPI, det vart skikkelig brun saus :)
Sellerirot er berre fantastisk, og allsidig :)

Oppskrift på brun saus:

100 g sellerirot, kutta i terningar
2,5 dl vatn
Kok sellerirota mør i vatnet, ca 15 minutt.
Mos med stavmiksar.

Ha oppi ca 2,5 dl kraft frå kjøttet du har steikt,
og ca 0,25 dl kremfløte.
Salt og pepper, om det er nødvendig.
Pitte litt Worcestershiresauce
5 dråpar sukkerkulør, om du ønskar sausen brun.

Brun saus, her servert til kotelett,
sopp/paprika/løk-stuing og brokkoli/blomkål.

Sopp/paprika/løk-stuing:

Sjampinjong, raud paprika, shalottløk. Del soppen i 
skiver, og steike den først. Brune litt og litt i varm olje, ha 
deretter i smør, og la det sure litt i smøret. Salte og pepre. 
Brune paprika og løk, som du først har delt i mindre 
bitar. Ha over rømme og lat det putre litt. Ha oppi den 
ferdig bruna soppen. Salte og pepre om det trengs.

1 kommentar:

  1. Brukte pastinakk istedetfor, og det gjekk veldig bra:-) Den ble litt tynn da.

    SvarSlett