søndag 17. februar 2013

Eg har laga kokebok - lavkarbo ♥

Eg har laga kokebok av favorittoppskriftene mine.
Boka kan kjøpes på nett.





















Ingrediensane til alle middagsrettane finn du i
dagligvarebutikken din, og er ikkje noke hokus Pokus :)

I bakverk og snop, der en kuttar ut mjøl og sukker,
må en nødvendigvis bruke alternative produkt.

Ikkje alle disse finn du i dagligvarebutikken, men
dei finnes på helskost og apotek.

Dei fleste av dei kan også kjøpast på iHerb, en flott
amerikansk nettbutikk. Der får du varene mykje billigare
enn på en norsk butikk. Portoen er også rimelig, 6 dollar.
Berre huske å handle for under 200 kr, og under 1,8 kg.
Dette får du beskjed om mens du handlar. Lett å komme inn i.

Tagatesse - helsekost.
Sukrin/sukrinmelis - Sukrin/Sukrinmelis får du på helsekost og dagligvare
Bourbon vaniljepulver - på helsekost
Fiberhusk - helsekost og dagligvare
Johannesbrødkjernemel - helsekost og dagligvare
Cocosa pure coconut oil - på helsekost
Xanthan Gum - dette har eg funne kun på iHerb
BakePro - helsekost
Ketolyse bakemiks - helsekost
Fibrex/sukkerroefiber - helsekost
Kokosmel - helsekost
Mandelmel, avfetta - helsekost
Pofiber - helsekost og dagligvare
Yaconsirup - helsekost
Peppermynteolje - apotek
Vanila stevia dråpar - på helsekost
Tragant/indisk tragant - apotek

Når det står mandelmel i oppskriftene, er det avfetta mandelmel
som er brukt. Ellers er det malte mandler som er brukt.
Og det lagar du enkelt sjøl, med ei enkel mandelkvern.

Eg har delt boka mi inn i tre kapitler.....
* alt innen middag og tilbehør
* alt innen bakverk
* alt innen kaker og søtt

Håpar at boka fell i smak :)
Og del gjerne salgslenka mi :)

torsdag 14. februar 2013

Kylling, surra i serranoskinke - lavkarbo ♥

Når kyllingen blir steikt på denne måten, får den en veldig
god smak frå seranoskinka, og den blir saftig og mør :)

















3-4 porsjonar.
















Kyllingen:

4 stk kyllingfiletar
2-3 serranoskinkeskiver til kvar filet
Smør til steiking
Bitte litt med salt (egentlig ikkje nødvendig)

Sausen:

200 g sellerirot
2-3 fedd kvitløk
1 beger kyllingfond (til 0,5 liter væske)
2 ts tomatpuré
ca 3 dl fløte
ca 2 dl vatn (Spe på med meir om det er nødvendig)
ca 100-150 g paprika

Grønsakene:

1 stor paprika
1 stor løk
1 boks babymais
1 blomkål
1 brokkoli

 














Først kyllingen: skjer vekk det som er litt stygt på kyllingfileten.
Strø ørlite salt på kyllingen (er kanskje ikkje nødvendig),
surr så 2-3 serranoskinkeskiver rundt kvar kyllingfilet.
Pass på at skøyten er ned. Ha smør i ei steikepanne med
middels varme. steik so vidt på kvar side av filetane. Legg
filetane i ei eldfast form og slå over steikesmøret frå
steikepanna, sett forma i ovnen. 150 grader, ca 40 minutt.
Ta dei så ut, legg over aluminiumsfolie og lat dei kvile til
resten av maten er ferdig, 10-15 minutt.

















Så sausen: Kutt opp ca 200 g sellerirot i terningar og kok det godt
mørt i vatn, ca 20 minutt. Slå vekk kokevatnet. Moses godt
med stavmikser. Tilsett kvitløken, pressa i kvitløkspresse
eller finhakka. Ha også opp i kyllingfonden, tomatpuré,
fløte og vatn. Finhakk paprika og ha oppi ei stund før den
er ferdig kokt. Sausen kan putre heilt til den skal serverast.

Og så grønsakene: Forkok blomkål og brokkolibukettar, 4-5 minutt.
(Det kan du gjere samtidig som du kokar sellerirota til sausen)
Kutt løk og paprika i passe store bitar.
Steik så  alle grønsakene i passe varm steikepanne eller wok,
med smør. På slutten av steiketida slår du smøret/skya frå kyllingen
over grønsakene, for å sette god smak.

Enkel og god rett. Og det treng ikkje ta so lang til å tilberede ett
måltid frå grunnen av, om du planlegger skikkelig :)
Dette lager du på en liten time.

søndag 10. februar 2013

Bollar - lavkarbo ♥

Oppskrift på bollar:
Oppskrifta fant eg hos 'Fristende lavkarbo' :)
Eg har berre gjort måla om til gram, der det er mulig.
Då blir oppskriftene meir nøyaktige syns eg :)
 
Desse bollane passar nok best med søtt pålegg,
og som fastelavensbollar pga kokosmelet, som er 
ganske søtt på smak.



4 egg 
35 g tagatesse
50 g smør
1 dl fløte
60 g kokosmel
10 g bakepulver
35 g fiberhusk
1 ts (5ml) kardemomme

Visp egg og tagatesse til eggedosis.

Mål opp alt det tørre.

Smelt smør, og ta panna frå plata - hell oppi fløten.

Ha fløte/smør i eggedosisen og bland godt.

Ha alt det tørre oppi det våte, og visp godt sammen
Lat det stå og svelle ca 10 minutt.
Sett ovnen på 160 grader.

Ha våte fingrar når du trillar bollane, då blir det 
lettare å trille runde, fine bollar.
9 små bollar får du av denne oppskrifta.
Dei hevar litt under steiking. 160 grader, 18-20 minutt.

Til avkjøling.

Mmmmmm, dei luktar godt :)

Og smakar himmelsk, dette var bollar - JIPPI :)

Vaniljekrem - lavkarbo ♥

Du får ikkje bedre vaniljekrem, enn den du
lagar av eggeplommar, fløte og ekte vanilje

















Vaniljekrem:

1,25 dl fløte
4 eggeplomma
1 ts bourbon vanilje
ca 20 g tagatesse

Bland alt i panne og varm opp under omrøring heile tida.
Det vil tjukne ettersom det blir varmt.
Om du ikkje får det tjukt nok, kan du ha oppi ei eggeplomme
til. Det vil bli tjukt nok. Kjøl ned i kjøleskap.

Om du vil bruke vaniljestang isteden for vaniljepulver
(har ingenting å seie for smaken), lar du stanga ligge å trekke
i fløten før du har oppi eggeplommane. Ta ut stanga før
du har oppi eggeplommane. Eller du kan bruke frøa, som
du skrapar ut av vaniljestanga.
Men det enklaste er å bruke vaniljepulver, det svarte (bourbon).




















Ta så 1,25 dl fløte og pisk til krem, og bland med den
avkjølte vaniljekremen, som du piskar litt 'opp' først.
Voila, nyyyydelig vaniljekrem.



















Brukes på feks fastelavensbollar eller som kakefyll :)















søndag 3. februar 2013

Snickerssjokolade - lavkarbo ♥

Nam nam, salte peanøtter og karamell/sjokolade ♥ 
















Denne oppskrifta gir 16 passe snickerssjokoladar.

2,5 dl fløte
ca 70 g yaconsirup (2 gode ss)
75 g tagatesse

Bland det godt i ei teflonpanne og late det putre godt
i en times tid, kanskje litt lenger.

Når det er tjukt nok.......

Ta vanntest innimellom, for å sjå om karamellene er
stive nok.
Du drypper litt karamell i kaldt vatn, og då ser du stivheita
det blir på ferdige karameller.

....... tar du oppi ca 100-150 g peanøtter (gjerne hakka litt)
og blander det inn.

Når eg laga 'kubbane hadde eg på meg engongshanskar.
Praktisk, for det er litt feitt å holde på med ;)














Sett kubbane i kjøleskap (eller ei stund i frysaren) før
sjokoladen skal haes på.

Smelt sjokoladen i vannbad, eg hadde litt reste'fest' i dag,
frå den supersøte fra sukkerfritt til Girardelli 100 % kakao.




















Smelte sjokoladen og late den stivne igjen pitte litt.
Ha på sjokolade med ei teskje eller du kan dyppe kubbane
i sjokoladen. En treng ikkje sjokolade på undersida.

Oppbevar i ei metallboks i kjøleskap, so lenge du
klarer c",)

Om Yaconsirup og FOS:
Yaconsirup innholder ca 70 g karber pr 100 g, men 38 av
dei er FOS, som ikkje tas opp i tarmen og påvirker derfor
ikkje blodsukkeret. Og den har også en GI på +/- 5.

fredag 1. februar 2013

Salte mandelkjeks - lavkarbo ♥

Gode, salte kjeks for ost og kjeks :)
Fant oppskrifta her, på lavkarbo.no.












Denne oppskrifta gir 20-25 kjeks, alt etter kor tynne
en vil ha dei.

2 dl malte mandler
1 dl sesamfrø
2 eggekvitar (3 om dei er bittesmå)
1/2 ts salt
ei lita ts green canderel steviapulver
2 ts fiberhusk
Maldonsalt, til å strø på kjeksa

Blande alt det tørre, og bland deretter eggekvitane inn.
Blande godt, og late det svelle litt. Trillesmå kuler, og trykke
dei flate med fingrane.
Når deiga har fått svelle litt før en lakar kjeksa, er den lett
å arbeide med.
Strø på saltet før steiking.




















Eg laga 20 kjeks av denne oppskrifta, men neste gong lagar
eg 25, for eg vil ha dei litt tynnare. Men det er ei smakssak.

Steike dei på 180 grader, 10-15 min til dei er lett gylne.
Avkjøl på rist.





























Gode kjeks til mange ulike ostar, blandt anna desse.




















Ett lite tips:
Ett teflonbakepapir er genialt å bruke, både til kjeks og
knekkebrød. Ingenting vil henge fast.
50 kr for ett papir på feks Mega. Men det er verdt kvar
einaste krone, det kan brukes 1000 ganger :)




søndag 27. januar 2013

Knekkebrød - lavkarbo ♥

Har laga knekkebrød før, men det er ei stund sida sist.
Trudde eg hadde blogga ei oppskrift, men fant ingen.

















So då kjem det ei oppskrift no.

32 knekkebrød, 16 pr bakebrett.

125 g solsikkekjerner/gresskarkjerner - mix
75 g malte valnøtter/mandler
50 g sukkerroefiber/fibrex
1 dl (65g) linfrø/hampfrø, mix eller en av dei
1 dl (65g) sesamfrø
30 g fiberhusk
1 ts salt
5 dl vatn

Bland alt det tørre i en bakebolle. Hell opp i vatnet.
Bland godt, det vil vere litt flytande til og begynne med.
Stryk utover plata med slikkepott med en gong den tjuknar litt.

Fordeles på 2 bakebrett, som er kledde med bakepapir.

Trykk dei utover, bruk gjerne engangshansker med litt olje på.
Del knekkebrøda med pizzarulle før du steiker dei.

Steikes på 160 grader, varmluft - 1 time.
Bytt plass på bretta halvveis under steiketida.

Avkjøl på rist.
Oppbevares i metallboks på benken.

onsdag 16. januar 2013

Pizzaform - lavkarbo ♥

En ny vri på pizzaen, denne gangen ganske grønsaksrik :)
Har tatt utgangspunkt i denne blomkålretten.














Passer til ei form på ca 30 x 40 cm.

Botnen:

1 stort blomkål
100 g naturell smøreost
150-200 g kvitost
(eg brukte 50/50 cheddar og norvegia)
salt og pepper

Kok blomkål, men la det vere litt crunchy.
Hell over i ei sil, og trykk ut alt vatnet. Bland inn osten.

Mos det so fint du vil ha det. Eg brukte en 'kålrabistappe'moser,
men du kan også bruke en stavmikser.

Haes opp i ei bakepapirkledd form.
























Lag pizzafyll:

Kjøttdeig, løk, paprika, kvitløk (finhakka), skinnfrie tomater,
tomatpuré, salt, peppermiks, cayennepepper og oregano
(eller andre krydder)

Brune kjøttdeigen, på slutten har du opp i paprika og løk. Brun lett.
Ha oppi alt det andre og lat det putre ei lita stund.

Ha fyllet opp på blomkål/ostebotnen.

Topp med ost. Steikes ca 30 minutt på ca 200 grader.

fredag 11. januar 2013

Blomkålform, nydelig poteterstatning - lavkarbo ♥

Denne oppskrifta fant eg her på lavkarbo.no.
Opskrifta er Nannah si.

Har endra den pitte litt berre.














Ei stor form:
2 passe store blomkål i bukettar.
1 beger Philadelfiaost (200 g)
300 g raspa ost (50/50 Jarlsberg/Norvegia) det var det eg hadde.
salt, pepper og paprikapulver
smør å steike i, og 2-3 klattar på toppen av forma.













Eg hadde ikkje purre, derfor er det ikkje med.

Kok blomkål i vatn (med litt salt) til det er knapt kokt, bør fortsatt
vere litt crunchy. Hell blomkålen i en sil, og press ut vatnet, skal
ikkje moses. Haes i ei passe stor ildfast form. Bland inn ost
(både smøreost og raspa). Salte og pepre litt. Strø paprikapulver
på toppen.
Steikes på 200 grader ca 30 minutt.
Dette er ei kjempegod poteterstatning til alt kjøtt/pølser/mår/bacon
som blir steikt eller grilla.

Eg hadde også steikt sopp, løk, paprika og squash til.


Fikk en følelse av å spise bakt potet :)

søndag 30. desember 2012

Skumkake - lavkarbo ♥

Søt og god skumkake :)
Hjerteforma mi tilsvarar ei vanlig rund form på ca 24 cm.









Eg valgte å starte med en tynn botn av sjokoladekake :)

ca 0,15-0,2 dl fløte
ca 30-35 g smør
50 g 86 % sjokolade

1 egg
ca 30 g tagatesse

25 g malte mandler
1/2 ts bourbon vaniljepulver
1/2 ts bakepulver

Smelt smør og ha så oppi fløten. Ta panna til side og
ha oppi sjokoladen i bitar. Rør til ei jevn 'masse'.
Pisk egg og tagatesse en lett dosis.
Bland sjokolademassen og det tørre oppi dosisen.

Fordel røra i ei bakepapirkledd form, og steik på
160 grader 20-25 minutt.

Avkjøl kakebotnen heilt før du har oppå skummet.

Skummet:
4 eggekvitar
100 g tagatesse
ca 2 ts vaniljesukker
6 plater gelantin
1 dl kokande vatn

Legg først gelantinplatene i kaldt vatn ca 10 minutt.
Pisk eggekvitane stive. Tilsett tagatesse og vaniljesukker,
og fortsette og piske det endå stivare.
Ha dei oppbløtte gelantinplatene (vri ut vatnet først) oppi 1
dl kokande vatn. Løys opp platene og avkjøl dette litt før du
slår det oppi den stivpiska eggekvita.... mens du fortsatt
piskar og piskar.

Løyse kakebotnen frå kakeformkant og bakepapir/botn,
og legg den på ett kakefat. Ta på igjen kakeformringen.

Fyll oppi skummassa og sett kaka kaldt, så skummet stivnar.


....... lenger har eg ikkje kome endå. So om det blir
dsjokoladedryss, sjokoladelokk eller kokos på toppen,
det har eg ikkje bestemt meg for endå :)
Men iallefall; her er oppskrifta om noken har lyst å prøve :)

fredag 9. november 2012

Pepperkaker - lavkarbo ♥

Gode pepperkaker, men ikkje so kjekssprø som kjøpekakene.





















300 g avfetta mandelmel eller
dette frå iHerb, eller 50/50.

Eg brukte 50/50, er usikker på om det er heilt 
det samme som avfeitta mandelmel.

75-80 g tagatesse
3 ts kanel
1/2-1 ts ingefær
1/2-1 ts nellik
1/2 ts pepper
1 ts bakepulver

Kjem litt an på kor nytt krydderet ditt er.
Det taper smak etterkvart ved lagring.

1,75 dl fløte
75 g smør
75 g yaconsirup

Eg hadde oppi 1 ts tragant og 1 ts Xanthan Gum,
men det er ikkje sikkert det er nødvendig.

Bland smør, sirup og tagatesse og varm opp dette, rør til
tagatessen har løst seg opp.
Ta det vekk frå plata og avkjøl det litt. Rør deretter inn fløten.
Blande inn alt det tørre og blande dette godt sammen.

Eg pakka det so inn i litt plastfolie og lot det ligge ei
stund i kjøleskapet.

Kna det godt før utkjevlig, for å få deigen mjuk.

Ha eit bakepapir under (med en handduk under der igjen)
og ein plastpose over, når du kjevlar.
Kjevle det ut ganske tynt. Stikk ut figurar.













Steikes på 160 grader, 12-15 minutt. Pass på so dei ikkje blir brent.

Oppbevares i ei tett kakeboks.

OBS!!! Fikk ett tips på FB sida mi:
For å få sprø pepperkaker, legg en dei innatt i ovnen på ca 50
grader i 45 minutt (etter at dei først er avkjølte).
Tusen takk Nina :)

søndag 21. oktober 2012

Lakriskarameller - lavkarbo ♥

Mmmmmm, kjempegode lakriskarameller :)













Har prøvd litt forskjellige måtar å lage karameller på,
og alltid med smør... og den smørsmaken har eg ikkje
likt noke særlig.

Men no har eg laga uten smør, og det var full klaff.
FARLIG gode vart dei ;)

Av denne porsjonen fikk eg 50-60 små karameller.

2,5 dl fløte
ca 70 g yaconsirup (2 gode ss)
75 g tagatesse
2-3 ts raw lakris pulver, grov type
eller du kan bruke lakrisrotpulver.
















 


Eg hadde alt oppi ei teflonpanne, og lot det putre svakt
i ett par timar.
Ta vanntest innimellom, for å sjå om karamellene er
stive nok.
Du drypper litt karamell i kaldt vatn, og då ser du stivheita
det blir på ferdige karameller.

Når karamellene er stive nok har du oppi lakrisen og rører
det inn.
Slå karamellmassen over i ei bakepapirkledd form.
Dette var en passe porsjon til ei form på ca  15x20 cm.

Eg har 'dyppa' karamellene i lakrisrotpulver, sjokolade
og raw lakrispulver, grov. Og nokre uten 'trekk'.






























Yaconsirup innholder ca 70 g karber pr 100 g, men 38 av
dei er FOS, som ikkje tas opp i tarmen og påvirker derfor
ikkje blodsukkeret. Og den har også en GI på +/- 5.

Sånn grovt rekna innholder heile porsjonen her ca 45 g karber.
Men siden yaconsirupen (som innholder flest av dei) har lav
GI, påvirkar dei ikkje blodsukkert so mykje.

Og so kan det vere at en kan bruke mindre av både yaconsirup
og tagatesse. En kan selvfølgelig også kutte ut lakrisen og
lage reine fløtekarameller. Eller tilsette feks cacaonibs og lage
sjokoladekarameller.

tirsdag 9. oktober 2012

Fløtegraut - lavkarbo ♥

Mmmmmm, dette vart god graut det :))



















Passe porsjon til en person

ca 2 ss smør
2 dl fløte
1 dl vatn

pittelitt salt
1 lita ts xanthan Gum

Smelt smøret, og ha i fløte og vatn. La det koke opp.
Når det har kokt opp, dryss på XG oppi og rør kraftig.
Vart ikkje klumpete. La det koke 3-4 minutt.
Ha heller litt for lite XG og øk, enn for mykje.

Rør inn saltet til slutt.

Serveres med sukrin+ (som er mitt favoritt strøsukker),
kanel og ett smørauge. Nyyyyt god graut.

Xanthan Gum har eg bestilt frå iHerb, og det er ett
pulver som kan erstatte JBK.

Xanthan Gum er altså ett frotykningsmiddel, som også
JBK er. MEN forskjellen er stor. Når du brukar JBK får
grauten en litt 'slimete' konsistens. Og følelsen sitter ei
stund i munnen. Og den konsistensen fikk eg ikkje når
brukte XG :))) Grauten vart berre fløyelsmjuk :)

lørdag 6. oktober 2012

Lakriskjeks - lavkarbo ♥

Mmmmm, knallgode kjeks, ca 15 stk

















50 g mandelmel (fettredusert)
30 g tagatesse
60 g mjukt smør
2 ts lakrisrotpulver, 3-4 g
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver, 5-6 g

Lakrismengda er kanskje ei smakssak.

Rør smør og tagatesse 'kvitt' og luftig, med mixar.
Bland i, mens du rører vidare, alt det tørre.

Trill små kuler og trykk litt flate på
bakepapirkledd steikeplate.

Steikes 12-15 minutt på ca 160 grader.

Avkjøl på rist.

lørdag 29. september 2012

Sjokoladefudge - lavkarbo ♥

Mmmm, herlige sjokoladebitar :))


















Eg fant oppskrifta på funksjonellmat.

50 g smør
1,5 dl fløte
10 g tagatesse
10 g sukrinmelis
1 ts bourbon vaniljepulver
100 g tagatosesjokolade

Kok forsiktig opp fløte, smør, vaniljepulver
og søtinga. Lat dette koke ca 25 minutt.

Ta panna av plata og ha sjokolade oppi i bitar.
Rør forsiktig til sjokolade er løst opp. Ha sjokolademassa
oppi små silikonformer. Denne oppskrifta var nok til
ca 22 bitar.

Oppbevares i frysaren til dei skal nytast :)
Tin i kjøleskap i ei boks, då unngår du kondens
på sjokoladebitane. dei blir fort mjuke i romtemperatur.

Med denne sjokoladen eg har brukt blir karbomengda
pr bit so liten som knapt 0,8 g pr bit.
Du kan bruke sukkerfri sjokolade og få endå mindre,
eller du kan bruke 70% eller 86% sjokolade og få litt meir.