Hadde planer om å prøve ut ei ny oppskrift i dag...
men av og til (eller for ofte) leser eg oppskriftene
etter at eg har begynt å lage maten ;))))
Og sånn var det i dag også, so då måtte det
improviserast litt... og vips to nye kaker har sett dagen ;)
En botn til to små kaker :)
Ofte er kaker so store....
og en blir gåande å ete kaker i dagesvis.
Desse kakene er små og nette.
Oppskrift til sjokoladekakebotnen:
6 egg
ca 0,75 dl søting
(halvt om halvt med sukrin og splenda)
4 ts johannesbrødkjernemel (JBK)
125 g sjokolade - 70%
Eg piska egga til dosis før eg hadde oppi søtinga,
og piska litt til.
Strødde over JBK og piska inn det og.
Sjokoladen smelta eg i mikroen, ca 1,5 minutt.
Stopp og rør litt halvveis.
Sjokoladen rørte eg inn til slutt.
Smør røra utover ett bakebrett, ca 40 x 40 cm.
Inni ovnen, 160 grader ca 15 minutt.
Det er ikkje hevemiddel, so det er ei lav kake...
men saftig.
Delte kaka først i 4, to delar til kvar kake.
Når kakene skulle pyntes vart kvar bit delt i 2 igjen,
sånn at det vart 4, små avlange lag til kvar kake.
Bringebærkake.....
Ta nokre friske bringebær og knekk med gaffel
og bland inni piska krem.
Til denne lille kaka treng du ca 2-3 dl kremfløte.
Litt splenda/sukrin.
Sett den i kjøleskap ett par tima før den severes.
Velbekomme og nyyyyt, den vart knallgod :)
Sjokoladekake...
Pisk ca 1,5 dl kremfløte
litt splenda/sukrin
Smelt ca 50 gram sjokolade, 70 %
Bland sjokoladen inni kremen, og rør godt.
Legg lagvis kakebotn og sjokoladekrem,
som i bringebærkaka.
Kle også kaka med samme kremen, og 'pynt' med gaffel.
Ei litt mørk sjokoladekake, ei god 'kaffekake'.
Sett den i kjøleskap ett par tima før den severes.
Vel bekomme og nyyyyt :)

