søndag 22. april 2012

Blåbærparfait - lavkarbo ♥

Kjempegod dessert, og enkel å lage :)
Om du ikkje har iskremmaskin, då er parfait
isen å lage. Mmmm, nydelig parfait :)
















Har aldri tenkt over kva som er forskjella på parfait,
iskrem og sorbet.... men i dag undersøkte eg ;)
Sorbet: laga med sukkerlake. Parfait: som iskrem, men
uten å røre i den. Iskrem: jevnlig røring under innfrysing.

Oppskrift til ei 2 litersform:

400 g blåbær
1 ts vaniljepulver
3 egg
30 g tagatesse (10 + 20 g)
1 pk kremfløte

Rør (og mos) blåbæra. Eg har ein fantastisk Tupperware
dings - Quick Chef, med skarpe knivar som mosar bæra
på 1-2-3 :)

















Pisk eggeplommane, vaniljepulveret og 10 g tagatesse 
luftig.


















Pisk fløta stiv.



















Pisk eggekvitane og 20 g tagatesse stivt.
















Bland først dei piska eggeplommane oppi dei mosa
bæra. Deretter blandar du inn fløta. Og til slutt vender
du forsiktig inn stivpiska eggekvitar.

Klar til å fylle i forma.

Ett lite tips når du skal helle ei røre oppi ei form du
kler enten med bakepapir eller plastfolie: Fest papir
eller folie med klesklyper, då sitter det fast mens du
fyller forma :)









Kle forma med plastfolie før du fyller i røra.




















Parfaiten må frysast minst 4timar.










Ta opp parfaiten minst 30 minutt før servering.

Parfaiten var lett å kvelve ut av forma, og plastfolien
var lett å fjerne frå isen.



















Skal denne isen serveres i selskap kan den gjerne
pyntes med piska krem og litt blåbær på toppen.

1 kommentar:

  1. Nam, såg godt ut=) Kanskje dette skal prøves før jeg evt. skaffer meg ismaskin,heh:)

    SvarSlett