søndag 30. oktober 2011

Nydelige bollar - lavkarbo ♥

Måtte ha ei ny ladning til brødmåltida neste veka.
Dinne gongen vart det bollar, isteden for brød.
Og dei vart knallgode, nam nam :)
Prøvesmaking med heimelaga jordbærsyltetøy :)


Oppskrift til 18 bollar, i silikonmuffinsformer.
Originaloppskrifta fant eg på lavkarbo.no...
eg har berre forandra pitte litt på den.

5 ss fibrex/sukkerroefiber
7 ss Bakepro
4 ts JBK
2 ts bakepulver
1 lita ts tagatesse
1/2 ts seltinsalt
5 ss creme fraiche
4 egg
3 ss rapsolje
100 g kremost naturell

Bland først alt det 'våte', og 'køyr' med stavmiksar.
Bland alt det tørre, og rør det godt inni det 'våte'.
Fordel det i muffinsformene med ei skjei.


Steikes ved 175 grader, ca 20 minutt.


Dette vart virkelig bollar som likna på 'vanlige' bollar :)
Heva seg skikkelig, luftige og flotte :)
Når en lagar bollar i silikonformer, slepper dei formene 
kjempelett. Eg kjøpte mine former på Euro pris, og dei
kosta ikkje so masse. Trur det var 49 for 12 former.


Delt i to, klar for smaking, mmmmmmmm :)

Grønsaksgrateng med kylling - lavkarbo ♥

Kylling på grønsaks-seng....
hihi... flott navn gitt, og godt var det.
Er inni en kyllingstim for tida, trur eg....
knallgodt og kan brukast til so mongt :)

1,5 pk fløte
1 lite blomkål
1 liten brokkoli
1 passe bit sellerirot
1 liten, raud paprika
3 fedd kvitløk
3 stilkar vårløk
3 kyllingfiletar
Litt parmesanost
Kvitost til topping

Forkok brokkoli og blomkål nokre minutt, ca 5-6.

Skjer sellerirota i terningar og kok den mør i fløten.
Lat kvitløken, finhakka, koke ilag med sellerirota.

Ha sellerirot/fløte, brokkoli og blomkål oppi ei
ildfats form. Kutt paprikaen i passe bitar, og finkutt
vårløken. Bland dette sammen med resten i forma.
Krydre også med seltinsalt og pepper, etter smak.

Rasp ett fint lag med parmesanost over, gir en god smak.

No skal du legge over (forsteikte) kyllingfiletar,
som du har skjert oppi passe skiver.

Topp med kvitost.

Steik i ovnen, 200 grader - ca 30 minutt.

Nyyyydelig var det, nyyyyt :)

fredag 28. oktober 2011

Kylling m/div grønsaker, sopp og tsatsiki - lavkarbo ♥

Mmmmmm, en nydelig kyllingrett i kveld :)
Og den vart til mens den vart tilberedt :)
Det var en sånn 'kva har vi i kjøleskapet'rett :)

Kutta opp sopp: Aromasopp og kantarell.
Kutta så opp grønsakene: paprika, gulrot, sjalottløk 
og vårløk.

I steikepanna med soppen. Først i varm olje, 
deretteren klatt med meierismør. Pepre og salte litt 
også. Steikes godt, mmmmm :)

Steik så alle grønsakene ilag.

Når du har lagt grønsakene på tallerkenen,
så raspar du over litt parmesan. Det setter god smak.

Kutt 1/4 eple i små terningar og ha på fatet. Ta også 
2-3 ss fetaost (eller meir om du vil). Ha så oppå den 
steikte soppen. Bland litt sammen.

Server med heimelaga tsatsiki, mmmmmmm

Tsatsiki (yoghurtdressing):
Tyrkisk yoghurt (eller annen naturell yoghurt)
agurk, som du skreller og kuttar smått
kvitløk, finkutta
litt salt

Velbekomme :) Nyyyyt :)

torsdag 27. oktober 2011

Kyllingsuppe - lavkarbo ♥

Mmmmm, knallgode kyllingsuppe :)














150 g creme fraiche (halv boks)
3 dl fløte
ca 3 dl vatn (eller hønsebuljong)
Eg hadde ikkje buljong, so eg brukte
vatnet eg kokte brokkolien i.
nokre bukettar brokkoli
1 liten raud paprika
1 liten løk
1 stilk vårløk
3 stk aromasopp
ett par nevar kantarell
3 fedd kvitløk
meierismør til å steike i
seltinsalt
paprikapulver
toscanakrydder med soltørka tomater
peppermix
kjøttet frå en halv grilla kylling

Kokte først brokkolien nokre minutt, 5-6.
















Kokte så opp fløte, creme fraiche og vatn. Hadde 
også oppi kvitløken, pressa gjennom kvitløkspressa.
Dette stod å putra for seg sjøl ei stund, sånn at
det tjukna litt.













Steikte først løk og paprika, deretter vårløken.
Steikte i to omgonga mest fordi eg glømte 
vårløken i første omgong ;)) Steikte det i smør.













So var det soppen sin tur...
Ha rapsolje i steikepanna. Ha soppen i når oljen er 
godt varm. Ha soppen i og la den ligge i ro ei lita
stund. ha deretter smør i, og rør litt av og til.














Rense så den halve kyllingen for kjøtt.
















Rett før servering har du alt sammen oppi fløteblandinga.
Krydre og salte.
Server med en god salat. Vel bekomme :)









Kakao - lavkarbo ♥

Då har eg prøvd å lage kakao, og det var godt:)














1 dl fløte
3 dl vatn
1-2 ss kakaopulver
1/2 - 1 ss tagatesse

Prøv deg fram med kakao og søting.
Blandinga fløte/vatn gjorde at kakaoen ikkje 
vart so voldsomt feit.

onsdag 26. oktober 2011

Kylling med salat og fetaost - lavkarbo

Enkel, god og mettande middag :)















Rett og slett en halv grilla kylling.......
Spis også skinnet, då kyllingkjøttet ellers er magert.
En salat, med fetaost, og en god klatt creme fraiche.

onsdag 19. oktober 2011

Pølsestroganoff - lavkarbo ♥

Nydelig pølsestroganoff, nam nam :)

Pølser
paprika
løk
kvitløk
tomatpure
fløte
krydder

Steik pølser, paprika og løk.

Tilsett ei blanding av tomatpure, fløte og kvitløk, 
og lat det putre ei stund i panna.

Krydre med peppermix, cayennepepper, seltinsalt og oregano.
Tilsett litt raspa parmesanost rett før servering.

Server sammen med sellerirotmos.

søndag 16. oktober 2011

Steikt torsk med sellerirotmos og grønsaker - lavkarbo ♥

So enkelt, og so nyydelig godt :)
Steikt torsk med grønsaker, og sellerirotmos.

Sellerirotmos:
1 stk sellerirot
Fløte til det dekker sellerirotbitane i panna.
2-3 fedd kvitløk
seltinsalt og pepper

Skjer sellerirota i terningar, hell fløte over.
Ha også oppi finhakka kvitløk.
Lat det koke til sellerirota er mør.
Kjør det til mos med stavmiksaren.

Torsken vendte eg i pofiber med salt og pepper,
før eg steikte den i smør i steikepanna.

Server den steikte torsken med sellerirotmos,
og feks rikelig med brokkoliblanding.
Og litt smelta meierismør.

fredag 14. oktober 2011

Godt lavkarbopålegg ♥

Tips til gode lavkarbopålegg.
Eg spiser tre tynne lavkarboskiver til frokost.
Her er nokre av dei pålegga eg brukar :)

Egg, gjerne med majones eller kaviar.


Makrell i tomat.


 Røkt makrell med majones.


1. fårpølse med majones
2. kvitost med paprika
3 Fleskepølse med majones, var overraskande
godt - smaker som god leverpostei :)


Skal lage lista lenger etterkvart,
når eg knipsar bilder :)