onsdag 16. september 2009

Heimelaga leverpostei :), ikkje lavkarbo men verdens beste :)

Her er oppskrift på min (mammas) leverpostei.
Denne lagar eg til kvar jul.
Hadde ikkje kunna tenkt meg ei jul uten.
.......
Legg levera i vatn over natta (ha gjerne litt eddik i vatnet)
Den bør minimum ligge i vatn 6 timar.
.......
1 kg svinelever (vekt ferdig rensa)
1 kg svinespekk (vekt ferdig rensa)
ca 400 gram kveitemjøl
2 liter melk
4 egg
1 stor eller 2 små løk
4 ss salt
2 ss pepper
3 ts malt nellik
1 lita boks ansjos (inkl laken)
.......
Grovmal lever, spekk og løk 2 gongar.
Bland inn krydder, egg og finhakka ansjos + laken.
Lag ein tjukk kvit saus av melk og kveitemjøl og bland i.
.......
Dette er passe mengde til 3 stk 2 liters former.
Eg kler formene med bakepapir,
for lettare å 'snu' leverposteien ut av formene
når den er ferdig og nedkjølt.
.......
Steik midt i ovnen i vannbad ved 250 grader i ca 2 timar.
Legg bakepapir over formene heile steiketida.
Her er kverna eg brukar når eg maler opp lever og spekk.
Grovheita blir akkurat passe på ei sånn kvern.
Kan nok også bruke ei kjøkkenmaskin,
men då blir konsistensen finare/meir kompakt.
Mamma hadde ei sånn kvern i oppveksten min,
og når eg oppdaga at dei var til salg, 
eigde eg raskt ei sånn eg også :D
.......
Velbekomme :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar